Jonathan Pitroipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonathan Pitroipa
Jonathan Pitroipa 2010 HSVgFCN.jpg
Personleg informasjon
Fødd 12. april 1986
Fødestad Ouagadougou
Høgd 176 cm
Posisjon Midtbane / ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Stade Rennais
Nummer 7
Ungdomsklubbar
2004 Burkina Faso Planete Champion
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-04
2008-11
2011-
Tyskland Freiburg
Tyskland Hamburger SV
Frankrike Rennes
75 (16)
74 (6)
2 (1)
Landslag
2006- Burkina Faso Burkina Faso 15 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 29. april 2010

Jonathan Pitroipa, (fødd 12. april 1986 i Ouagadougou) er ein burkinsk fotballspelar som spelar for Stade Rennais i fransk Ligue 1, og for landslaget til Burkina Faso.

Pitroipa sin første klubb i Europa var Freiburg i tysk Bundesliga og 2. Bundesliga frå 2004 til 2008. Han klarde å bli fast på førstelaget til Freiburg i 2005/06-sesongen, etter at klubben hadde rykt ned frå 1. Bundesliga året før. Før 2008/09-sesongen gjekk han til toppklubben Hamburger SV.

Pitroipa debuterte for landslaget til Burkina Faso 7. oktober 2006 i ein kamp mot Senegal. Han var med i stallen til til Burkina Faso til Afrikameisterskapen i 2010.