Jordskjelvet i Damaskus i 847

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°24′ N 36°18′ E
Jordskjelvet i Damaskus i 847
jordskjelv
Land Flag of Lebanon.svg Libanon, Flag of Syria.svg Syria
Koordinatar 34°24′ N 36°18′ E
Dato 24. november 847
Styrke 7.3 Mw[1]
Intensitet VI [2]
Drepne og såra 20 000
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Jordskjelvet i Damaskus i 847 skjedde (truleg den 24. november) i 847. Nyare forsking har indikert at jordskjelvet var ein del av fleire jordskjelv som strekte seg frå Damaskus i sør, til Antiokia i nord og Mosul i aust.[2] Det er estimert at 20 000 menneske mista livet i Antiokia i følgje historikaren Al-Dhahabi på 1200-talet, og 50 000 i Mosul. Ein trur at skjelvet var av dei kraftigaste som har sjedd langs Daudehavsforskastinga.[1]

Daudehavsforskastinga og tilknytte strukturar i Libanon og sørlege Syria.

Andre jordskjelv i 847[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre byar i Midtausten fekk òg store øydeleggingar i 847, truleg den same dagen (24. november).[2] Jordskjelvet i Antiokia kan ha vore det same som øydela mykje av Damaskus i Syria den 24. november 847. I Damaskus byrja jordskjelvet tidleg om morgenen og skjelva varte til minst midt på dagen. Ein del av Umayyade-moskeen vart øydelagd og minareten fall ned. Bruer og hus kollapsa, og store steinar vart forflytta. Andre byar nær Damaskus vart òg øydelagde, som Darayya.[3]

Det var øydeleggingar i byen Homs (Syria), i Libanon, og i regionen Al-Jazira.[2] Det var òg eit stort jordskjelv i Mosul (no i Irak), der opp til 50 000 menneske vart drepne.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Grünthal G., Hakimhashemi A., Schelle H., Bosse C. & Wahlström R. (2009). «The long-term temporal behaviour of the seismicity of the Daudehavet Fault Zone and its implication for time-dependent seismic hazard assessments». Scientific Technical Report STR09/09. Deutsches GeoForschungsZentrum GFZ. s. 18. Henta February 16, 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Sbeinati, Mohamed Reda; Darawcheh, Ryad; Mouty, Mikhail (June 2005). «The historical earthquakes of Syria: an analysis of large and moderate earthquakes from 1365 B.C. to 1900 A.D.» (PDF). Annals of Geophysics 48 (3): 365. Henta 1. april 2014. 
  3. Elnashai, Amr S.; El-Khoury, Ramy (2004). Earthquake hazard in Libanon (illustrated utg.). London: Imperial College Press, 2004. s. 22. ISBN 978-1-86094-461-1. 
  4. Search page,«Catalog of damaging earthquakes i verda (through 2009)». Henta 29. januar 2012.