Homs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°43′51″N 36°42′34″E
Homs
حمص, Ḥimṣ
by
none  Landemerke i Homs Sentrum og det gamle klokketårnet  • Den nye klokketårnsplassen  • Dablan-gata  • Krak des Chevaliers  • Khalid ibn al-Walid stadion  • Khalid ibn al-Walid-moskeen  • Det nye klokketårnet  • Byen sett frå eit hustak
Landemerke i Homs
Sentrum og det gamle klokketårnet  • Den nye klokketårnsplassen  • Dablan-gata  • Krak des Chevaliers  • Khalid ibn al-Walid stadion  • Khalid ibn al-Walid-moskeen  • Det nye klokketårnet  • Byen sett frå eit hustak
Kallenamn: Ibn al-Walid-byen
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Homs guvernement
Distrikt Homs-distriktet
Nahiyah Homs
Høgd 501 moh
Koordinatar 34°43′51″N 36°42′34″E
Areal 48 km²
 - by 76 km²
 - storbyområde 104 km²
Folketal 652 609 (2004[1])
 - storby 750 501
Grunnlagd 2000 fvt.
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 031
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Homs

Homs (arabisk حمص, Ḥimṣ), tidlegare kalla Emesa (gresk Ἔμεσα, Emesa),[2] er ein by vest i Syria og senteret i Homs guvernement. Han ligg 501 meter over havet og 162 km nord for Damaskus.[3] Han ligg ved elva Orontes og langs den sentrale hovudvegen mellom dei indre byane og Middelhavskysten.

Homs er eit stort industrisenter med eit folketal på kring 650 000 menneske i 2004,[4] og er med det den tredje største byen i Syria etter Aleppo i nord og hovudstaden Damaskus i sør. Innbyggjarane i byen syner det generelle religiøse mangfaldet i Syria og består hovudsakleg av arabisktalande sunnimuslimar og alawittar og kristne minoritetar. Det ligg fleire historiske moskéar og kyrkjer i byen, og han ligg nær borga Krak des Chevaliers, som er ein verdsarvstad.

Homs dukka først opp i dei skriftlege kjeldene i det første hundreåret fvt. under selevkidane. Han vart seinare hovudstad i eit kongedøme styrt av Emesa-dynastiet som gav namn til byen. Opphavleg var han eit senter for dyrking av solguden El-Gabal, og vart seinare viktig i kristendom under austromarane. Homs vart erobra av muslimane på 600-talet og vart hovudstad i eit distrikt som hadde det noverande namnet på byen. Gjennom den islamske tida kjempa mange av dynasti som ønskte kontroll over Syria om Homs, på grunn av den strategiske plasseringa i området. Homs byrja å bli mindre viktig under osmanarane og først på 1800-talet vart byen igjen økonomisk viktig då bomullsindustrien blømde. Under Det franske mandat-styret vart byen eit opprørssenter og etter sjølvstende i 1946, eit senter for motstanden mot baathistane til dei første syriske regjeringane.

I den pågåande syriske borgarkrigen har Homs vore ein skanse for opposisjonen og syriske styresmakter gjekk til åtak på byen i mai 2011. Den 14. januar hadde regjeringsstyrkane kontroll over Homs, utanom gamlebyen, som framleis vart kontrollert av opprørarane. Frå 2012 har syriske styresmakter hatt kontrollen over heile byen. Kampane har øydelagd delar av byen.[5]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

«Emesa» kjem frå «Ham-Es», der Es syner til ei samling som lokalt dyrka solguden i (El-Gabal) i oldtida.[6] Namnet «Emesa» eller «Hemesa» er òg tilskriven «Emesenoi», namnet på eit arabisk folk som styrte området før dei vart innlemma i Romarriket.[7] Når dette namnet vart tilknytt byen er usikkert, men ein trur at det vart nytta under romarane.[8]

«Emesa» vart korta ned til «Homs» eller «Hims» av dei arabiske innbyggjarane, som slo seg ned her sjølv før den muslimske erobringa av Syria.[8][9] Dette namnet er bevart gjennom heile den islamske perioden og fram til i dag. Han vart kalla «la Chamelle» av krossfararane, sjølv om dei aldri styrte byen.[10][11] Ei anna forslag er at opphavet til det moderne namnet er ei arabisk form av det latinske namnet på byen, «Emesus», som kjem frå det greske «Emesa» eller «Emesos».[12]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I kring 2 000 år har Homs vore eit jordbrukssenter og ein produksjons- og handelsstad for landsbyane nord i Syria. Han har òg fungert som vern for det indre området a Syria og verna dette mot fiendar frå vest.[8] Utgravingar av citadellet i Homs indikerer at dei tidlegaste busetnadene her er datert attende til kring 2300 fvt. Bibelforskarar har identifisert byen med Zobah som er nemnt i Bibelen.[8][13] I 1274 fvt.,[14] fann eit slag stad mellom styrkane til Det nye rike i Egypt under Rameses II og hetittane under Muwatalli II ved byen Kadesh ved Orontes nær Homs.[15] Det var kanskje det største stridsvognsslaget som nokon gonger er blitt utkjempa, og omfatta kanskje 5 000–6 000 stidsvogner.[16][17]

Emesani-dynastiet og romartida[endre | endre wikiteksten]

Emesa-tempelet til sunguden El-Gabal, med den heilage steinen, på baksida av denne bronsemynten av den romerske tronranaren Uranius Antoninus.

Sjølve Homs kan ha vorte grunnlagd av Selevkos I Nicator, som grunnla SelevkideriketAleksander den store døydde, sjølv om byen ikkje vart nemnt i dei historiske kjeldene før det første hundreåret fvt. På denne tida nemnte den greske filosofen Strabon om eit folk som budde i telt, kalla «emesanane», nær Orontes og sør for Apamea-området.[8] Dei var eit syrisk folk i området og busett i Emesa—som fekk namnet etter dei. Då Pompeius innlemma selevkide-statane i Syria i Romarriket i 64 fvt., vart Emesani-dynstiet vasallkongar under romarane som gav dei soldatar i forskjellige krigar. Høvdingn deira på denne tida, Sampsiceramus I, fekk status som konge av Emesa, men hovudstaden deira var i Arethusa, ei by nord for Emesa, òg langs Orontes. På det største strekte kongedømet seg frå Bekaadalen i vest til grensa ved Palmyra i aust, og frå Yabrud i sør til al-Rastan (Arethusa) i nord. Kongedømet til Sampsiceramus I var det første arabiske vasallstaten under Romarriket ved utkanten av ørkenen.[7]

Krak des Chevaliers, ein kjend verdsarvstad nær Homs.

Byen Emesa voks seg viktig etter at Emesani-dynastiet vart rike, styrt først av ein av sønene til Sampsiceramus I, Iamblichus I som gjorde byen til hovudstad i kongedømet.[7] Emesanane viste seg lojale mot romarane og gav støtte til Gaius Julius Caesar i kringsetjinga hans av Alexandria i 48 fvt. då dei sendte han militære. Dei vart så dradd inn i den romerske borgarkrigen mellom opprøraren Marcus Antonius og Oktavian. Iamblichus I støtta Octavian, og med oppfordring frå Antonius rana bror til Iamblichus, Alexio I, til seg trona og tok livet av Iamblichus I i 31 fvt. Styrkane til Octavian held likevel fram krigen og som følgje av dette gjekk trona attende til Iamblichus II (sonen til Iamblichus I) etter Alexio I vart avretta for forræderi. Under det stabile styret til Iamblichus II var det fred frå 20 fvt. til 14 evt., kjend som Gullalderen til Emesa. I 32 evt. kom Heliopolis og Beqaadalen under kongedømet.[7]

Forholdet til romarane vart enno tettare då kong Sohaemus arva kongedømet. Under han sendte Emesa fast bogeskyttarar til romarane og assisterte dei i omleiringa av Jerusalem i 70. Sohaemus døydde i 73 og vart etterfølgd av sonen sin, Alexio II. Trass i at Emesani-dynastiet var lojale allierte med Roma, reduserte romarane av ukjende årsaker det autonome styret til Emesani-dynastiet. Alexio II og presten hans sine etterkomarar fekk berre ein seremoniell status. Alexio II døydde i 78 og vart etterfølgd av sonen Sampsiceramus III. Generasjonane etter Alexio II er ikkje like godt kjend.[18]

Under romarane byrja Emesa å syne eigenskapane til ein gresk bystat og spor av den romerske byplanen finst framleis. Omforminga til ein storby vart fullført under regjeringstida til keisar Antoninus Pius (138–161) då Emesa byrja å prege myntar.[8] På 200-talet blømde han og vart godt integrert i den romerske Orienten. Dette kom delvis av at keisar Lucius Septimius Severus gifta seg med ei kvinne som høyrte til adelen i Emesa. Han oppnådde den ettertrakta statusen som ein romersk colonia av Severus, og to andre keisarar frå Severus-dynastiet vart oppfostra i Emesa. Ein av dei var Heliogabalus som tente som ypparsteprest i tempelet til El-Gebal, den lokale solguden. Han tok med seg biletet av denne guden, ein kjegleforma svart stein, til Elagabalium i Roma.[19][20]

Emesa vart òg rik i samband med handel mot aust via Palmyra, men dette var òg årsaka til undergangen til byen då Palmyra vart mindre viktig på 300-talet. Likevel hadde Emesa på denne tida voks seg like viktige som Tyr, Sidon, Beirut, og Damaskus. Han var òg framleis lokalt viktig, fordi han var eit marknadssenter for kringliggande landsbyar. Byen vart verande eit sterkt senter for heidenskap på grunn av tempelet til El-Gabal. Etter ein av sigrane sine over Zenobia, vitja keisar Aurelian byen for å takke guddomen.[19]

På grunn av den sterke heidenske kulten i Emesa, slo ikkje dei kristne seg ned i byen i starten. Eusebius skreiv at Silvanus, den første biskopen i byen, ikkje hadde råderett over byen, men dei kringliggande landsbyane. Han vart avretta av keisar Julian og etterfølgd av biskop Antonius—den første biskopen som budde i Emesa.[21] På 400-talet hadde kristendom etablert seg godt under Austromarriket, men få kristne inskripsjonar frå denne tida finst att i Homs i dag.[19] Under bysantinarane vart byen eit viktig senter for austleg kristendom.[22] Homs var i starten eit bispedøme og fekk status som kyrkjeleg metropol etter at hovudet til Johannes døyparen vart funnen i nærleiken i 452.[19]

Arabiske kalifat[endre | endre wikiteksten]

Før den muslimske erobringa av Syria slo arabiske folk, særleg Banu Kalb-folket, seg ned kring Emesa. Dette vart eit viktig jemenittisk senter. Den bysantinske keisaren Heraclius forlét byen, som hadde tent som hovudkvarteret hans,[23] etter nederlaget for Rashidun-hæren under Umar ibn al-Khattab i slaget ved Yarmouk sør i Syria. I 637 erobra Rashidun-hæren leia av Khalid ibn al-Walid Emesa fredeleg, sidan byen gjekk med på å betale ein stor løysesum på 71 000 til 170 000 dinarar.[19][24][25] Umar-kalifet gjorde Homs til hovudstad i Jund Hims, eit distrikt i provinsen Bilad al-Sham. Distriket omfatta òg byane Latakia, Jableh og Tartus langs kysten, Palmyra i Den syriske ørkenen og området mellom, inkludert byen Hama.[26] Homs var truleg den første byen i Syria med ein større muslimsk folkesetnad.[27]

Muslimane omgjorde halve St. Johanneskyrkja til fredagsmoskée i byen (Den store al-Nuri-moskéen), og Homs vart raskt eit senter for islamsk gudsfrykt sidan kring 500 følgjesveinar av Muhammed slo seg ned der etter erobringa.[19] Gravene til Khalid ibn al-Walid, sonen Abd al-Rahman, og Ubaid Allah, somnen til kalifen Umar, ligg i byen.[28] Under striden mellom omajadane og Ali allierte innbyggjarane i Homs seg med Ali og då han vart slått. Omajade-kalifen Mu'awiyah skilde ut den nordlege halvdelen av Jund Hims og danna eit eige distrikt, Jund Qinnasrin, visstnok som straff.[19] Oratoriet til Ali (mash-had 'Ali) låg i byen, og i følgje islamske tradisjonar er fingeravtrykka hans inngravert her.[25] Trass i undertrykking frå omajadane vart Homs verande eit senter for sjiaislam ei stund til. Som ein skanse for Banu Kalb vart byen involvert i striden hans med Qais-fraksjonen. Den siste omajade-kalifen, Marwan II, vart støtta av Qais og reiv ned bymurane etter at Banu Kalb hadde leia eit opprør.[19]

I 750 reiv abbasidane til seg kontrollen over Syria, inkludert Homs, men dei arabiske stammene heldt fram å gjere opprør mot kalifatet. Trass i at Homs blømde i denne tida, var ikkje styret til abbasidane ønskt velkomen. Under og etter regjeringstida til kalifen Harun al-Rashid (796-809), sende styresmaktene fleire straffetokt mot Homs.[19] I oktober 855, under regjeringstida til al-Mutawakkil, gjorde dei kristne i byen opprør på grunn av ekstraskattar. Kalifen enda opprøret med å forvise dei kristne frå byen, brenne ned kyrkjene deira og avrette leiarane deira.[29]

Då abbaside-styret over kalifatet vart svekt på midten av 800-talet, prøvde opprørsdynasti i Homs å få kontroll over Syria, på grunn av den strategiske plasseringa til byen. I starten fekk dei Egypt-baserte tulunidane kontroll over byen, men dei vart drivne ut av dei Aleppo-baserte hamdanidane som etter ei kort stund vart etterfølgd av karmatittane,[19] etter at den tyrkiske opprøraren Aftakin, som dei var alliert med, invaderte det nordlege Syria og gjorde Homs til basen sin.[30] I 944 fekk hamdanidane heilt kontroll over byen, og dominerte området fram til 1016.[19]

I 891 merka den muslimske geografen al-Yaqubi seg at Homs låg langs ei vid elv som tente som drikkevasskjelde for innbyggjarar.[31] Han var ein av dei største byane i Syria og hadde fleire mindre distrikt kring seg. Den arabiske geografen al-Mas'udi hevda tidleg på 900-talet at Homs var «kjend for dei vakre innbyggjarane».[31] I 985 skreiv al-Muqaddasi at Homs var den største byen i heile Syria, men hadde lidd under «store ulukker» og var «truga med øydelegging». Han skreiv at då byen vart erobra av muslimane omgjorde dei halvparten av kyrkjene til moskéar.[32]

I ein 30-årsperiode på 900-talet vart Homs raida av bysantinarane. Innbyggjarane vart massakrerte og byen plyndra, medan moskéane i byen vart omgjort til kyrkjer att. Gjennom det meste av 1000-talet vart det færre bysantinske raid. Mirdasidane frå Banu Kalb-folket styrte Homs, og erstatta hamdanidane. Dei hella mot sjiaislam og gjorde ikkje mostand mot sjiamuslimane frå Fatimidekalifatet i Egypt, som prøvde å utvide styret sitt nordover i Syria og Irak på denne tida. Dette førte til ein sunnimuslimsk reaksjon leia av seldsjukk-tyrkarar som okkuperte Homs under leiing av Aq Sunqur al-Hajib i 1090.[19]

Seldsjukkane, Ajjubide-dynastiet og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

Romantisk teikning av Homs av Louis-François Cassas. Kunstnaren i framgrunnen syner skisser av citadellet i Homs, omgjeve av vaktene sine og nysgjerrige lokale.

Det første krosstoget vart sett i gang i 1096, og i 1098 erobra krossfararane Antiokia i nordvest, plyndra Ma'arat al-Numan og kringsette etter kvart sjølve Homs. Sjølv om dei klarte å avskjere byen frå hovudhamna Tartus, klarte dei ikkje å ta byen. Kort tid etter vart Homs underlagt seldsjukkane i Damaskus som omgjorde byen til ein stor festningsleir og ei viktig festning for å hindre krossfararane frå å trengje djupare inn i muslimsk territorium. Homs vart ein stad der muslimar kunne skaffe seg soldatar og starte åtak mot krossfararbyar langs kysten av Middelhavet.[19] Tidleg på 1100-talet sleit seldsjukkane med indre strid, og Homs vart ofte målet deira. I 1149 erobra den Mosul-based Imad ad-Din Zengid under Nur al-Din byen.[33]

Den muslimske geografen Al-Idrisi skreiv i 1154 at Homs var folkerik, med brulagte gater, ein av dei største moskéane i Syria, opne marknader og at han ofte vart vitja av reisande på grunn av «varene og raritetane sine av alle slag.» Han skreiv òg at innbyggjarane var «hyggelege; å leve med dei er lett, og dei har gode manerar. Kvinnene er vakre og vert hylla for den fine huda si.»[34] Ei rekkje jordskjelv i 1157 skapte store øydeleggingar i Homs og festninga her, og i 1170 la eit mindre skjelv festninga i ruinar. På grunn av den strategisk viktige plasseringa, i nærleiken av krossfararstaten Tripoli, vart byen og festningsverka raskt bygde opp att. I 1164 gav Nur al-Din Homs til Asad ad-Din Shirkuh som eit len, men tok det attende fem år seinare då Shirkuh døydde. Nevøen til sistnemnte, Saladin, fekk kontroll over byen i 1175. I 1179, etter å ha omorganisert territoria sine nord i Syria, gjenoppretta han lenet til Ajjubide-dynastiet sitt. Etterkomarane til Shirkuh fekk ha Homs i nesten hundre år fram til 1262, då al-Ashraf Musa døydde. I 1225 skreiv den arabisk geografen Yaqut al-Hamawi at Homs var stor, omtykt og innmurt, med ei mektig borg på den sørlege åsen.[25]

Mot slutten av styret til Ajjubide-dynastiet vart Homs verande i sentrum for krigane mellom dei og krossfararane, i tillegg til dei blodige konfliktane med Mongolriket og mamelukkane.[33] Det første slaget mellom mongolane og mamelukkane fann stad den 10. desember 1260, og enda i ein avgjerande siger for mamelukkane. Det andre slaget vart utkjempa den 29. oktober 1281, og enda òg med siger til mamelukkane. Mamelukkane vart til slutt slått i slaget ved Wadi al-Khazandar, òg kjend som «Det tredje slaget ved Homs», i 1299.[33]

Homs vart politisk mindre viktig etter at dei fall til mamelukkane under Baibars fordi felttoga deira dreiv krossfararane og mongolane ut av heile Syria. På byrjinga av 1300-talet var byen berre senteret i den minste provinsen i Syria og var ofte knytt til provinsen Damaskus.[33] Ibn Battuta vitja Homs i 1355, og skreiv at han hadde fine tre, gode marknader og ein «fin fredagsmoské,» og merka seg at alle innbyggjarane var arabarar.[35] Timur erobra byen i 1400, og seinare på 1400-talet, då mamelukkane hadde vorte svakare og skapt utryggleik på landsbygda, vart Homs herja av beduinarraid. I 1510 vart ei mektig stamme leia av al-Fadl bin Nu'ayr sendt på eit tokt av guvernøren av Damaskus for å plyndre marknadane i byen, sidan Homs ikkje hadde betalt for «tenestene» hans.[33]

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

I 1516 vart Homs ein del av Det osmanske riket og hamna politisk sett i bakevja, men heldt fram å vere eit lokalt senter for jordbruk og økonomi.[36] Homs var særleg kjend for silke- og ullveving, særleg alaja, som var ein spraglete musselin med gulltrådar og nytta i kvinneklede. Denne silken vart eksportert heilt til den osmanske hovudsaden Istanbul. I tillegg til veveindustrien, var det olivenoljepresser og vassmøller for kveite og sesam, medan det vart dyrka druer og ris i dei kringliggande myrområda frå 1500-talet. Marknadane i Homs var i tillegg senter for husdyrhandel, og flokkar av sauer og geiter frå Aleppo møtte kamelar og kveg frå Damaskus.[33]

Då osmanarane kom til makta vart det administrative endringar i Homs, og han vart hovudstad i ein sanjak («distrikt») kalla Homs, som var knytt til Tripoli eyalet («provins»)—den gamle rivalen.[37] På denne tida skreiv ein fransk turist at bymurane og citadellet var solide, men var i forfall og at berre marknadane «hadde halde venleiken» sin. I 1785 skreiv franksmannen Volney at byen ein gong var viktig, men no i «elendig» tilstand. Han skildra byen som ein stor, men øydelagd landsby som var administrativt avhengig av Damaskus. Osmanarane gjorde lite for å revitalisere Homs eller sikre byen mot åtaka frå beduinane. Uro gjennom 1600- og 1700-talet førte til at marknadane vart plyndra fleire gonger. Tryggleiken vart òg dårlegare då osmanarane på 1700-talet reiv ned portane til bymurane.[33]

Landsbygda kring Homs vart stadig råka av beduin-raid på første halvdelen av 1800-talet, avbrote av okkupasjonen til Muhammed Ali sitt Egypt, leie av Ibrahim Pasha mellom 1832 og 1840.[36][38] Byen gjorde opprør mot det egyptiske styret og citadellet vart øydelagd då egyptarane stoppa opprøret. Det osmanske styret vart gjenoppretta og fram til 1860-åra var Homs stor nok til å danne ei eiga økonomisk handelseining og handsame jordbruksvarer frå landbyane i nærleiken.[33]

Den lokale økonomien vart stimulert då det osmanske styret gav byen og området kring tryggleik. Nye landsbyar vart grunnlagde og gamle vart folkesette på ny. Homs konkurrerte med europeisk økonomi etter at det osmanske styret vart gjenoppretta. Homs vart igjen økonomisk viktig under depresjonen i 1870-åra, då bomullsindustrien auka på grunn av nedgang i europeisk tekstilproduksjon. Kvaliteten og utforminga til bomullsvarene frå Homs tilfredsstilte både dei lågare og høgare klassane i lokale, osmanske og utanlandske marknadar. Det var kring 5 000 veveri i Homs og i den nærliggande Hama, og ein britisk konsul omtalte Homs som «Syria sitt Manchester».[33]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1900-talet vart Homs politisk viktig i landet, og fleire statsoverhovud og viktige statsmenn budde her.[33] Under Det franske mandatet var Homs ein del av staten Damaskus. Hausten 1925 vart byen med Damaskus og dei sørlege drusar-høvdingane i eit stort opprør mot det franske styret.[39] I 1932 flytta franskmennene militærakademiet sitt frå Damaskus til Homs, og vart verande det einaste militærakademiet i Syria fram til 1967.[40] Dei franske styresmaktene hadde skapt ei eining med spesialstyrkar der alawittar fekk viktige stillingar. Militærakademiet i Homs vart ein tilhaldsstad for desse spesialstyrkane.[41] Homs militærakademi spelte ei viktig rolle i åra etter sjølvstendet til Syria, sidan mange av dei som hadde gått her fekk viktige offisersstillingar i den syriske hæren. Mange av dei tok sidan del i dei mange statskuppa som følgde. Eit viktig døme er Hafez al-Assad, som vart presidenten i Syria frå 1971 til han døydde i 2000.[42]

Ei oljerøyrleidning mellom Tripoli og Kirkuk vart bygd i Homs tidleg i 1930-åra og følgde ei eldgamal karavanerute mellom Palmyra og Middelhavet. I 1959 vart det bygd eit oljeraffineri for å handsame denne olja for innanlands forbruk.[33] Oljeraffineriet i byen vart bomba av Det israelske luftforsvaret (IAF) under Jom kippúrkrigen i 1973.[42]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Massedemonstrasjon mot den syriske regjeringa til Bashar al-Assad nær sentrum av Homs før ein sittestreik.

Homs er ein av dei mange byane i Syria der det vart halde store demonstrasjonar mot regjeringa som ein del av den syriske borgarkrigen på 2010-talet. Han har vorte omtalt som «Hovudstaden for revolusjonen». 17–18. april 2011 samla titusenvis seg på hovudplassen i byen for å protestere mot regimet til president Bashar al-Assad. Minst 62 personar vart drepne av regjeringsstyrkar i væpna samanstøytar mot lokale, væpna opprørarar.[43]

Frå 6. mai 2011 vart byen kringsett av den syriske hæren og tryggleiksstyrkane. Dei syriske styresmaktene hevda å ha «væpna gjengar» og «terroristar» som mål i området. I følgje den syriske opposisjonen hadde Homs vorte ein «øydelagd by,» der styresmaktene regelmessig blokkerer leveransar av medisin, mat og brensel til innbyggjarane i visse bydelar. I juni var det nesten daglege konfrontasjonar mellom protesterande innbyggjarar og syriske styrkar. Som følgje av dette har det vore fleire dødsfall i Homs og området kring byen enn nokon annan stad i Syria. Homs var den første syriske byen der bilete av al-Assad og familien hans vart rivne ned eller tilgrisa og den første staden der syriske styrkar nytta artilleri mot opprørarane. Senteret for dokumentasjon av krenkingar i Syria hevdar at minst 1 770 menneske vart drepne frå opprøret starta og fram til november 2011.[44]

I februar 2012 utførte syriske styrkar eit stort åtak mot Homs for å få kontroll att over byen, som igjen vart omgjort til eit operasjonssenter for Den frie syriske armeen, ei samling antisyriske personar og avhopparar frå hæren. Ti dagar ut i operasjonen hadde kring 700 menneske vorte drepne i byen.[45] Den 1. mars 2012 hadde den syriske hæren fått kontroll over Baba Amr-distriktet, medan mindre kampar heldt fram i andre nabolag.[46] Seinare i 2012 tok syriske styresmakter kontrollen over heile byen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Homs guvernement er det største i Syria. Homs, som er hovudstaden i guvernementet, ligg sentralt, vest i Syria, langs austbreidda av Orontes i eit særleg frodig område. Byen ligg mellom sørsida av An-Nusayriyahfjella i vest og Libanonfjella, ovanom Homskløfta. På grunn av kløfta får området kring Homs mykje meir nedbør enn dei indre områda nord og sør for byen.[40] Aust for Homs ligg Den syriske ørkenen. Homssjøen, danna av ein stor dam av romersk opphav, ligg i sørvest, kring 125 km sør for Aleppo og 34 km sør for Hama, halvvegs langs vegen mellom hovudstaden Damaskus og Aleppo.[8] Orontes deler byen i to hovuddelar. I aust, på flat mark, ligg sentrum av byen og dei fleste nabolaga. I vest ligg den nyare og meir moderne forstaden al-Waer. Byen dekkjer eit område på kring 48 km².[47]

Homs ligg 162 km nord for Damaskus, 193 km sør for Aleppo, 47 km sør for Hama og 186 km søraust for Latakia ved kysten av Middelhavet.[3] Nærliggande byar og landsbyar er al-Rayyan i søraust, Maskanah, al-Nuqayrah, Abil og Kafr Aya i sør, al-Qusayr, Qattinah og al-Buwaydah al-Sharqiyah i sørvest, Khirbet Tin Nur i vest, al-Dar al-Kabirah i nordvest, al-Ghantu, Teir Maalah, al-Mukhtariyah og Talbiseh i nord, al-Mishirfeh i nordaust og Fairouzeh og Zaidal i aust.

Gamlebyen og bydelar[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen er den tettaste busetnaden i Homs. Han omfattar nabolaga Bab Tadmur, Bab al-Dreib, Bab Hud og ormådet nær citadellet, og dekkjer 1,2 km².[47] Lite er att av gamlebyen. Bymurane og portane vart øydelagde i den osmanske tida, men ein kort del av festningsmuren med eit sirkelforma tårn finst framleis. Ein halv kilometer lenger sør markerer ein stor jordhaug staden der citadellet ein gong stod.[48] Nord for citadellet ligg det kristne kvarteret, kalla «al-Hamidiyah».[49] Dette nabolaget er eit av få område i Homs som har ein eldre utsjånad, med hovudsakleg vekselvise kvite og svarte steinbygningar som er datert attende til mamelukkane. Dei vert framleis nytta som butikkar og bustadhus, og har gjennomgått renovasjon i nyare tid.[50]

Under abbasidane var Homs kjend for dei sju portane sine. Desse var Bab al-Souq (Marknadsporten), Bab Tadmur (Palmyraporten), Bab al-Dreib (eller Bab al-Deir), Bab al-Sebaa (Løveporten), Bab al-Turkman (Tyrkarporten), Bab al-Masdoud (Lukka dør) og Bab Hud (Hudporten).[33] Berre dei to portane Bab Tadmor og Bab al-Dreib står att i dag.[51] The oldest of Homs' moskéar and churches are located in the Old City.[48]

Al-Waer

Homs består av fleire bydelar utanfor gamlebyen. Det store nabolaget Khaldiyah ligg langs nordenden, medan dei meir moderne nabolaga al-Sabil, al-Zahra og Jub al-Jandali ligg aust for gamlebyen. Sør for gamlebyen ligg nabolaga Bab al-Sebaa, al-Mreijeh, al-Nezha, Akrama og på andre sida av desse ligg Karm al-Zaytoun og Karm al-Loz.[49] Det moderne handelssenteret ligg i vest i nabolaga Jouret al-Shayyah, og lenger vest ligg dei rikare nabolaga Qusoor, al-Mahatta og al-Ghouta. Forstaden al-Waer ligg enno lenger vest, på andre sida av Orontes og dannar eit grønt belte der det forbode å byggje noko.[49] Baath-universitet ligg sørvest i byen, like ved nabolaget Akrama.[49]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Homs gjer at klimaet er påverka av Middelhavet. Klimaet er derfor mildare enn nærliggande Hama, med ein normal årsnedbør på 460 mm i staden fro 360 mm. Han har òg kraftigare vind.[8]

Klimadata for Homs
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 11.1 13.0 16.6 21.6 27.0 30.8 32.3 32.8 31.3 26.9 19.1 12.5 22,9
Normal min. temp. °C 2.8 3.3 5.6 9.2 13.0 17.1 19.8 20.1 17.5 12.7 7.0 3.8 11,0
Nedbør (mm) 95.1 76.5 56.4 33.3 13.0 2.6 0.2 0 2.4 21.1 48.1 80.7
Normal mengd nedbørdagar 13 15 10 6 3 0 0 0 1 4 7 11 70
Kjelde: World Meteorological Organization

Demografi[endre | endre wikiteksten]

År Innbyggjarar
1100-talet ~7 000[52]
1785 ~2 000[33]
1860s (estimate) 15 000–20 000[33]
1907 (estimate) ~65 000[13]
1932 65 000[53]
1960 136 000[53]
1978 306 000[53]
1981 346 871[54]
1994 540 133[55]
2004 652 609[56]
2005 (estimate) 750 000[8]
2008 (estimate) 823 000[22]

Homs var ein av dei største byane i islamsk Syria på 1100-talet med eit folketal på 7 000.[52] I 1785 var innbyggjartalet i Homs meir enn 2 000 og bestod nesten av halvparten muslimar og halvparten gresk-ortodokse kristne. I 1860-åra steig folketalet til 15 000–20 000.[33] I 1907 hadde Homs kring 65 000 innbyggjarar, der to tredjedelar av muslimar og resten kristne.[13] I folketeljinga i 1981 stod folketalet på 346 871,[54] og dette hadde stige til 540 133 i 1994.[55] I 2004 hadde Homs eit folketal på 652 609 der 51,5% var menn og 48,5% kvinner.[56] I eit sjølvstendig estimat frå 2005 hadde byen kring 750 000 innbyggjarar,[8] og i 2008 var estimatet stige til kring 823 000.[22]

I dag er Homs ein religiøst mangfaldig by, som mykje av Syria er, og består hovudsakleg av sunnimuslimar, med minoritetar av alawittar, gresk-ortodokse kristne og syrisk-ortodokse kristne.[57][58]

Homsleiren, ein palestinsk flyktningleir, ligg i Homs, og har eit folketal på nesten 14 000. Dei fleste av innbyggjarane kom opphavleg frå Akko og Haifa i området som hadde vore nordlege Palestina (dagens Israel.)[59] Under det armenske folkemordet tidleg på 1900-talet emigrerte kring 20 000 armenarar til Homs og landsbyane kring.[60] Eit lite gresk samfunn finst òg i byen.[61]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Souk al-Harir, ein av dei mange takdekte soukane.

Etter ein lang periode med stagnasjon under det osmanske styret, byrja Homs igjen å bløme på 1900-talet. Den geografisk strategiske plasseringa har gjort han til eit senter for jordbruk og industri. Homs irrigasjonsplan, det første av sitt slag i det moderne Syria, førte velstand til bøndene og føretak som var involvert i handsaming av jordbruksvarer.[62] Avlingar som vert dyrka i Homs er mellom andre kveite, bygg, linser, sukkerroer, bomull og druer, i tillegg til at han er eit handelssenter mellom den stillesittande sonen og ørkenen. I tillegg er det kort veg til Middelhavet frå Homs, og mange ruter frå Persiabukta og Irak har gått gjennom staden.[40]

Homs har òg stor offentleg tungindustri, som oljeraffineriet vest for byen, som opna i 1959.[62] Ein gjødselsfabrikk vart bygd i 1971 for å handsame fosfatar frå avsetningane nær Palmyra. Gjødselet vert nytta både innanlands og eksportert.[63] Ein veksande privat industrisektor har grodd fram dei siste tiåra, og mange små til mellomstore føretak dekkjer industriområda nordvest og sør for byen. Eit nytt sukkerraffineri vart bygd av eit brasiliansk selskap, og Iran Khodro byrja bygga ein bilfabrikk her. Eit nytt fosfatverk og oljeraffineri har også vore under bygging aust for byen. Homs er eit viktig trafikknutepunkt for veg og jernbanenettverket, og er eit sentralt knutepunkt mellom dei indre områda og Middelhavskysten.

Eit stort industriprosjekt var grunnlegginga av ein ny industriby i Hissaya, 47 km sør for byen Homs. Han dekkjer 25 km² og dekkjer dei fire største industrisektorane i byen: tekstil, næringsmiddel, kjemikalar og ingeniørvitskap. I tillegg er anlegget utvikla til å huse opp mot 66 000 arbeidarar og familiane deira. I tillegg finst ein frisone i byen.[64]

Området kring Homs er kjend for druene sine, som vert nytta i likør- og vinindustrien i Syria, særleg arak, nektarvin og raudvin.[65] Byen vert rekna som eit godt utganspunkt for dagsturar til dei mange historiske stadane i nærleiken. Populære destinasjonar er Krak des Chevaliers, Qatna, Talkalakh og Marmarita.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Plassen føre Beit al-Agha restaurant.

Sjølv om folk i Homs et den same maten som er vanleg i det levantinske kjøkenet, er byen kjend i Syria for kjøkenet sitt. Ein viktig rett er batarsh, ein slags baba ghanouj laga med jogurt og kvitlauk i staden for tahini.[66] Homs har òg sin eigen variant av kibbeh mishwiyyeh eller «grilla kibbeh». Denne består av to pannekaker av kibbeh fylt med lammekjøtdeig og steikt med lammefeitt og forskjellige krydder.[67] Batata mahshi («fylte poteter») er ein rett frå Homs og består av småpoteter fylt med lammekjøtdeig, pinjekjernar og granateplesirup.[68] Byen spesialiserer seg på ein type okra, kalla bamya bi-l zayt («okra med olivenolje»).[69]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Det er to hovudmuseum i Homs, begge i sentrum av byen. Azze Hrawe-palasset, frå mamelukktida, var palasset til Ali ibn Abi al-Fadl al-Azzhari, som var underordna Baibars, sultanen til mamelukkane, og er i dag eit nasjonalt folkemuseum.[70] På plassen utanfor bygningen står ein stor liwan med ein konkylieforma halvkuppel. På den andre sida er det skore ut to løver, symbolet til Baibars. Det første museumet som var bygd i byen ligg langs Shoukri al-Quwatly-gata og inneheld eit utval ting frå Homs-regionen, frå førhistorisk tid til islamtida.[71]

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Homs har fleire festivalar, og kvart år er byen med på å arrangerte Ørkenfolkefestivalen og Al-Badiya-festivalen i lag med Palmyra. Ørkenfolkefestivalen er ein årleg festival som feirar dei gamle tradisjonane og kostyma til Badiya (Den syriske ørkenen) og det vert halde utstillingar og konsertar mellom Homs og Palmyra. Festivalen vert halde den første veka i mai.[72] Al-Badiya-festivalen vert hovudsakleg halden i Palmyra med somme hendingar i Homs, og trekkjer til seg 60 000 turistar kvart år den siste veka av mai. Då vert det halde heste-, kamel- og billøp, hestekonkurransar, musikk- og teaterframsyningar, antikke utstillingar og marknader.[73]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Homs har to fotballklubbar. Al-Karamah Sports Club vart skipa i 1928 og er den eldste sportsklubben i Syria.[74] Al-Karamah Sports Club er kjend på nasjonalt nivå og har vunne åtte seriemeisterskap og åtte cupmeisterskap i Syria.[75] Den andre sportsklubben i byen er Al-Wathba Sports Club, og vart skipa i 1937. Khaled Ibn Al Walid stadion har ein kapasitet på 35 000 og er heimebanen til begge klubbane.[74][76] Homs har fostra fleire kjende idrettsfolk som fotballspelarane Firas Al Khatib og Jehad Al Hussain.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det medisinske fakultetet i Al-Baath Universitet.

I Homs ligg Al-Baath Unversitet, eit av dei fire store universiteta i Syria, og vart skipa i 1979. Det spesialiserer seg på ingeniørvitskap og har ein av dei største studentmassane i landet.[77] Universitetet har fleire fakultet som medisin, ingeniørvitskap, humaniora, og realfag. Det er eit av to universitet i landet som har avdelingar for petroleumsingeniørar og veterinærar.[78]

Det tyske universitet i Wadi al-Nasarah opna i 2004 og ligg 30 km vest for byen. I 2005 opna International School of Choueifat ein skule utanfor byen. Al-Andalus University for Medical Sciences vart oppretta i 2005 nær Homs, og byggjer eit Universitetssjukehus i byen.[79]

Det er 1 727 skular og 15 000 barnehagar i Homs guvernement, dei fleste av dei offentlege.[80]

Lokal infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Den gamle klokkeplassen

Homs vert rekna som eit trafikknutepunkt i Syria på grunn av den sentrals plasseringa mellom kystbyane og dei indre områda.[81] Hovudbussterminalen er Karnak, langs Hamagata, 1,5 km nord for sentrum av byen. Frå terminalen har ein samband til dei fleste syriske byane og Beirut og Libanon.[82] Han har òg internasjonale bussamband til Libanon, Jordan, Saudi-Arabia og Tyrkia. Ein litt meir «luksuriøs» busstasjon ligg litt lenger nord. Minibussar går frå Karnak-stasjonen til Tartus, Palmyra og Hama nord i Syria, i tillegg til Baalbek, Tripoli, og Beirut i Libanon.

Homs har ein stor jernbanestasjon med to daglege avgangar med Chemins de Fer Syriens til Damaskus og Aleppo.[82] Dei nærmaste flyplassane er Bassel Al-Assad internasjonale lufthamn i Latakia i vest, Damaskus internasjonale lufthamn i sør, Aleppo internasjonale lufthamn i nord, og Palmyra lufthamn i Den syriske ørkenen i aust.

Hama-gata startar ved Den gamle klokkeplassen i sentrum av byen og kryssar Homs frå sør til nord.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Det nye klokketårnet i Homs

Sjølve byen har historiske moskéar og kyrkjer. Han har òg to klokketårn. Den eldste, ved al-Hamidiya-gata, vart bygd av franskmennene tidleg i 1930-åra, og den nyare på al-Quwatli-plassen ved al-Dablan-gata. Homs er kjend for dei mange souk-ane som er under tak. Dess består av eit komplekst virvar av smale gater og butikar som strekkjer seg frå sør og aust for Den store moskéen til det gamle citadellet.[83][84]

Homs og landbygdsa kring har mange landemerke, som verdsarvstadane Krak des Chevaliers og Citadellet i Salah Ed-Din. Andre landemerke er Den store moskéen al-Nuri. Opphavleg var det eit heidensk tempel for El-Gabal, og vart omgjort til St. Johanneskyrkja under bysantinarane. Seinare vart ho omgjort til Fredagsmoské under det islamske, arabiske styret i Homs.[85] Khalid ibn al-Walid-moskeen har blitt rekna som «det einaste byggverket som er verdt å merke seg» i Homs, og vart bygd dei siste åra av det osmanske styret i Syria i 1900-åra. Moskéen er kalla opp etter den arabiske generalen Khalid ibn al-Walid, som er gravlagd inne i bygningen.[86]

Um al-Zennar-kyrkja vart bygd i 1852 over ei tidlegare kyrkje som var datert attende til 300-talet, og kanskje 59 fvt. Andre viktige kyrkjer i Homs er St. Elian-kyrkja frå 400-talet, bygd til ære for den kristne martyren St. Elian, som er gravlagd i krypten i kyrkja.[87]

Citadellet i Homs er òg ein av dei største urbane tellane i Syria. Området er ikkje arkeologisk undersøkt på grunn av det militære nærværet her dei siste åra. Haugen er datert attende til minst tidleg bronsealder. I 1994 studerte eit syrisk-britisk lag citadellet i Homs, og registrerte attverande murar og tårn.[88]

Systerbyar[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Homs folketal
  2. Vailhé, Siméon. «Emesa». Catholic Encyclopedia. Robert Appleton Company. http://www.newadvent.org/cathen/05402a.htm. Henta 28. mai 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Distance Between Syrian Cities». HomsOnline. 16. mai 2008. http://www.homsonline.com/EN/Syria/Distance.htm. Henta 28. mai 2014. 
  4. 2004.
  5. Homs: Syrian revolution's 'capital'. BBC News. 2014-01-27.
  6. Bryant, Jacob (1807). A New System; or, an Analysis of Antient Mythology. Volume I. W. marsant. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Ball, 2000, s. 34–35.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 8,7 8,8 8,9 Dumper, 2007, s. 171.
  9. Gibbon and Ockley, 1870, s. 177.
  10. Grousset, René. Histoire des Croisades III. s. 18. 
  11. Jackson, Peter (2007). The Seventh Crusade, 1244–1254: Sources and Documents. Ashgate Publishing. s. 256. ISBN 978-0-7546-5722-4. 
  12. Room, 2006, s. 167.
  13. 13,0 13,1 13,2 Cook, 1907, s. 362.
  14. kring «År5 III Shemu dag 9» i Rameses II si regjeringstid (BAR III, s. 317<) eller meir nøyaktig, 12. mai 1274 fvt basert på datoen då Rameses vart krona i 1279 fvt.
  15. Kitchen, K.A, «Ramesside inskripsjons», Volume 2, Blackwell Publishing Limited, 1996, s. 16–17
  16. Healy, 1993, s. 22
  17. Healy, 1993, s. 39
  18. Cleopatra’s Children and Descendants at Ancient History av Suite101
  19. 19,00 19,01 19,02 19,03 19,04 19,05 19,06 19,07 19,08 19,09 19,10 19,11 19,12 Dumper, 2007, s. 172.
  20. Herodian, Roman History, V.3.5
  21. Herbermann, 1913, s. 403.
  22. 22,0 22,1 22,2 Carter, 2008, s. 155.
  23. Kennedy, 2007, s. 74
  24. Mannheim, 2001, s. 205.
  25. 25,0 25,1 25,2 Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s. 356.
  26. le Strange, 1890, s. 25.
  27. Kennedy, 2007, s. 86.
  28. Ibn Jubair sitert i le Strange, 1890, s. 355.
  29. Gil, 1997, s. 296–97.
  30. Gil, 1997, s. 343.
  31. 31,0 31,1 le Strange, 1890, s. 353.
  32. al-Muqaddasi quoted in le Strange, 1890, s. 354.
  33. 33,00 33,01 33,02 33,03 33,04 33,05 33,06 33,07 33,08 33,09 33,10 33,11 33,12 33,13 33,14 Dumper, 2007, s. 173.
  34. le Strange, 1890, s. 354.
  35. Ibn Batuta sitert i le Strange, 1890, s. 357.
  36. 36,0 36,1 Collelo, Thomas. «Syria – Det osmanske riket». Syria: A Country Study. GPO for the Library of Congress. http://countrystudies.us/syria/7.htm. Henta 28. mai 2014. 
  37. Talhami, 2001, s. 2
  38. Shaw, 1977, s. 33
  39. Cleveland, 2000, s. 215.
  40. 40,0 40,1 40,2 Commins, 2004, s. 130.
  41. Fisk, Robert. The fearful realities keeping the Assad regime in power The Independent. s.35-36. 2012-03-04. Henta 28. mai 2014.
  42. 42,0 42,1 Seale, 2007, s. 210.
  43. Protesters in Syrian city hold sit-in. Al-Jazeera English. 2011-04-18.
  44. Capital of the Revolution. Al-Ahram Weekly. 2011-12-15.
  45. «Syrian residents say they're bracing for full-blown war». CNN. 28. mai 2014. http://www.cnn.com/2012/02/14/world/meast/syria-unrest/index.html. Henta 28. mai 2014. 
  46. The Syrian army controls over Baba Amr (arabisk)
  47. 47,0 47,1 «Oversyn» (på arabisk). Homs City Council. http://www.homscitycouncil.org.sy/modules/0/3.php. Henta 28. mai 2014. 
  48. 48,0 48,1 Carter, 2004, s. 157.
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 «A Map of the divisions of Homs City» (på arabisk). Homs City Council. http://www.homscitycouncil.org.sy/modules/0/2.php. Henta 28. mai 2014. 
  50. Carter, 2008, s. 157.
  51. «Homs». HomsOnline. http://www.homsonline.com/EN/Citeis/Homs.htm. Henta 28. mai 2014. 
  52. 52,0 52,1 Shatzmiller, 1994, s. 59.
  53. 53,0 53,1 53,2 Winckler, 1998, s. 72.
  54. 54,0 54,1 Population Census Report (1981), Central Bureau of Statistics
  55. 55,0 55,1 PUN Demographic Yearkbook (1999)
  56. 56,0 56,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  57. Baylson, 1987, s. 27.
  58. «Ḥimṣ». Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/266142/Hims. Henta 28. mai 2014. 
  59. «Homs refugee camp». United Nations Relief and Works Agency. http://www.unrwa.org/etemplate.php?id=148. Henta 9 May 2011. «The camp was established in 1949 on an area of 0.15 km², adjacent to al-Baath University. Most of the original refugees fled from landsbyens surrounding Haifa, Tiberias og Akko north in Palestine.» 
  60. Toynbee, 1916, s. 550.
  61. «Relations with Syria: The Greek community». Greek Ministry of Foreign Affairs. http://web.archive.org/web/20110521061521/http://www.mfa.gr/www.mfa.gr/en-US/Policy/Geographic+Regions/Middelhavet+-+Middle+East/Bilateral+Relations/Syria/. Henta 28. mai 2014. 
  62. 62,0 62,1 Dumper, 2007, s. 174.
  63. Commins, 2004, s. 136.
  64. «About Homes». Homs Chamber of Commerce. http://www.homschamber.org.sy/index.php?name=Sections&req=viewarticle&artid=2&page=1. Henta 28. mai 2014. 
  65. «Wine Profile». Cortas Winery. http://www.cortasco.com/templates/en/profile.htm. Henta 29. februar 2009. 
  66. Wright, 2003, s. 63.
  67. Wright, 2003, s. 427.
  68. Wright, 2003, s. 223.
  69. Wright, 2003, s. 182.
  70. Carter, 2004, p. 158.
  71. Mannheim, 2001, s. 209.
  72. «Desert Folk Festival in Palmyra». KadmusArts. http://www.kadmusarts.com/festivals/3860.html. Henta 28. mai 2014. 
  73. «Al Badya Fesival (Badyet Al-Chaam)». KadmusArts. http://www.kadmusarts.com/festivals/3858.html. Henta 28. mai 2014. 
  74. 74,0 74,1 «Al-Karamah Sports Club». Welt Fussball Archive. http://www.weltfussballarchiv.com/Vereinsprofilnew.php?ID=22055. Henta 28. mai 2014. 
  75. Carter, 2004, s. 67.
  76. «Al-Wathba». Welt Fussball Archive. http://www.weltfussballarchiv.com/Vereinsprofilnew.php?ID=22067. Henta 28. mai 2014. 
  77. Beattie, 2000, s. 150.
  78. Collelo, Thomas. «Syria – Education». Syria: A Country Study. GPO for the Library of Congress. http://countrystudies.us/syria/37.htm. Henta 28. mai 2014. 
  79. «Oversyn». Al-Andalus University. http://www.au.edu.sy/english/index.php?catid=210&lang=en. Henta 28. mai 2014. 
  80. «Directorate of Education in Homs» (på arabisk). SANA. 7 September 2008. http://www.sana.sy/ara/157/2008/08/18/188999.htm. Henta 28. mai 2014. 
  81. Mannheim, 2001, s. 204.
  82. 82,0 82,1 Carter, 2004, s. 159.
  83. Beattie, 2001, s. 207.
  84. Carter, 2008, s. 156–57.
  85. Mannheim, 2001, s. 205-206.
  86. Beattie, 2001, s. 53.
  87. Beattie, 2001, s. 208.
  88. King, Geoffrey (2002). «Archaeological fieldwork at the Citadel of Homs i Syria: 1995–1999». School of Oriental and African Studies. Henta 28. mai 2014. 
  89. Câmara Municipal de Belo Horizonte. «Lei nº 8.272, de 26 de dezembro de 2001» (på Portuguese). http://cmbhapweb.cmbh.mg.gov.br:8080/silinternet/consultaNormas/detalheNorma.do?id=2c907f76166df5df01166f6286e30f57&metodo=detalhar#. Henta February 20, 2009. 
  90. The syrisk-Iranian Joint Supreme Committee meetings (arabisk), Alwehda Publications, 2009-03-08, http://thawra.alwehda.gov.sy/_print_veiw.asp?FileName=20193318520090307225758, henta 2010-11-09 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]