José Feliciano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
José Feliciano
Jose Feliciano 1998.jpg
Feliciano i 1998
Fødd10. september 1945 (75 år)
FødestadLares, Puerto Rico
FødenamnJosé Monserrate Feliciano García
OpphavPuerto Rico, USA
AktivSidan 1962
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • cuatro
  • vokal
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • komponist
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Billboard Latin Music Lifetime Achievement Award, Latin Grammy Lifetime Achievement Award, Grammy Award for Best Latin Pop or Urban Album, Grammy Award for Best Latin Pop or Urban Album, Grammy Award for Best Latin Pop or Urban Album, Grammy Award for Best Latin Pop or Urban Album, Grammy Award for Best Tropical Latin Album, Latin Grammy Award for Best Contemporary Tropical Album, International Latin Music Hall of Fame, Latin Songwriters Hall of Fame

José Monserrate Feliciano García (fødd 10. september 1945), meir kjend som José Feliciano, er ein puertoricansk musikar, songar og komponist, mest kjend for mange internasjonale hittar, som utgåva si av The Doors-songen «Light My Fire» og julesongen «Feliz Navidad». Musikken hans er kjend for å blande fleire stilar som latinamerikansk musikk, jazz, blues, soul og rock, som regel skapt med den unike, akustiske gitarspelinga hans. Han har ofte spelt ein roleg easy listening som er lett gjenkjenneleg i mange av songane hans.[1]

I USA slo Feliciano først igjennom i 1960-åra, særskild etter albumet Feliciano! nådde andreplassen på albumlista i 1968.[1] Så langt har han gjeve ut over 50 album verda over, på både engelsk og spansk.

Feliciano er fødd blind.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Richie Unterberger. «Feliciano!». AllMusic. Henta 30. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: José Feliciano