Light My Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Light My Fire
Singel av The Doors
frå albumet The Doors
B-side

The Crystal Ship

Språk engelsk
Utgjeve 24. april 1967
Innspelt August 1966
Sjanger Psykedelisk rock[1]
Lengd
  • 7:06 (album)
  • 2:52 (singel)
Selskap Elektra
Komponist Jim Morrison, John Densmore, Robby Krieger, Ray Manzarek
Tekstforfattar John Densmore, Robby Krieger, Ray Manzarek, Jim Morrison
Låtskrivar(ar) Jim Morrison, Robby Krieger, John Densmore, Ray Manzarek
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi 
«Break on Through (To the Other Side)»
(1967)
Light My Fire «People Are Strange»
(1967)


«Light My Fire» er ein song opphavleg spelt av The Doors. Han vart spelt inn i august 1966 og gjeven ut den første veka i januar 1967 på debutalbumet deira. Songen vart gjeven ut som singel i april og låg tre veker på førsteplassen på Billboard Hot 100, og ei veke på Cash Box Top 100, nesten eitt år etter at han var innspelt. Så eit år seinare gjekk han inn at på Billboard Hot 100 in 1968 etter suksessen til Jose Feliciano si utgåve med songen, og nådde då 87. plass. Songen vart i hovudsak skriven av Robby Krieger, men er tilskriven heile bandet. Singelen oppnådde gullplate hos Recording Industry Association of America i 1967 for ein million selde eksemplar.[2] Ein konsertversjon av gjeven ut i 1983 på albumet Alive, She Cried, det første av mange konsertalbum som er gjevne ut sidan med songen.

«Light My Fire» selde òg bra i Australia, der han nådde 22. plass. Singelen nådde 49. plass i Storbritannia i 1967, men då han vart gjeven ut på ny i 1991 gjekk han heilt opp til sjuandeplass. Denne utgjevinga kom i samband med filmen The Doors av Oliver Stone.

Songen er rangert på 35. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[3] Hos VH1 vart songen rangert som den sjuande beste gjennom tidene.

José Feliciano si utgåve vann han Grammyprisen for beste manglege popvokal i 1969. Same året vann han prisen for beste nykommar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen hadde opphav i ein uferdig song av Robby Krieger, som dei andre medlemmane i bandet utvikla vidare.[4] Sjølv om albumversjonen var like over sju minuttar lang, vart singelversjonen redigert ned til like under tre minuttar, der nesten alle instrumentalparti er fjerna.[4] Albumversjonen vart derimot populær på FM-radio.

The Ed Sullivan Show[endre | endre wikiteksten]

Bandet spelte på forskjellige fjernsynsshow som American Bandstand der dei mima til playback av singelen. Dei spelte derimot songen på direkten på The Ed Sullivan Show sendt den 17. september 1967. The Doors vart beden av produsent Bob Precht, svigersonen til Sullivan, om å endre linja «girl, we couldn't get much higher», sidan sponsorane var ukomfortable med den mogelege referansen til å ta dopmisbruk.[5][6] Bandet gjekk med på dette og øvde inn songen med den endra teksten. Då dei spelte songen på direkten song derimot Jim Morrison den originale teksten.[5] Ed Sullivan tok ikkje Morrison i handa då han forlet scenen. Bandet hadde forhandla seg fram til å spele på showet sju gonger, men etter å ha brote denne avtalen fekk dei beskjed om aldri å kome attende. Svaret til Morrison var «We 'did' Sullivan.»[7]

Buick-hendigna[endre | endre wikiteksten]

John Densmore hugsar[8] at Buick gav dei tilbod om $75 000 i oktober 1968 for å tilpasse songen for bruk i ein reklame for Buick Opel («Come on, Buick, light my fire».[9]) Morrison var derimot framleis i London etter ein Europaturne som hadde enda 20. september og kunne ikkje nå fram i tide. Sidan bandet i 1965 hadde vorte samde om å dele alt likt og at alle hadde veto på slike avgjersler, ringte Morrison Buick då han kom attende og truga med å knuse ein Opel med slegge på fjernsyn om reklamen vart vist.

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australia (Go-Set National Top 40)[10] 16
Canada Top Singles (RPM)[11] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 27
South Africa (Springbok)[13] 13
UK Singles (Official Charts Company)[14] 49
US Billboard Hot 100[15] 1
US Cash Box Top 100[16] 1
Liste (1991) Plassering
Finland (Suomen virallinen-lista)[17] 12
Irland (IRMA)[18] 1
UK Singles Chart[19] 7

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Canada[20] 4
US Billboard Hot 100[21] 6
US Cash Box[22] 2

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[23] Gull 25 000*
USA (RIAA)[24] Platina 2,000,000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doors

Studiomusikar

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar av songen vart spelt inn av Astrud Gilberto, Will Young (som nådde førsteplassen i Storbritannia med songen), Amii Stewart (som nådde 5. plass i Storbritannia i 1979 og 7. plass med ein remiks i 1985) Natalia Oreiro, Jose Feliciano (som vann Grammyprisen i 1969 for beste popsong dette året), Nancy Sinatra, Julie London, Friedrich Gulda, Julie Driscoll & the Brian Auger Trinity, Shirley Bassey, Erma Franklin, Baccara, Cibo Matto, Africa, Divididos, UB40, Massive Attack, The Mike Flowers Pops, the LN Elektronische Ensemble. Amorphis, Hide, Minnie Riperton, Stevie Wonder, Tammi Lynn, Type O Negative, Al Green, Electric Screwdrivers, B.J. Thomas, Ananda Shankar, Trini Lopez, John Tartaglia, Zacharias og Train.

Light My Fire
Singel av José Feliciano
frå albumet Feliciano!
B-side

California Dreamin'

Språk engelsk
Utgjeve 1968
Innspelt 1968
Sjanger Softrock
Lengd 3:33
Selskap RCA Victor
Komponist Jim Morrison, John Densmore, Robby Krieger, Ray Manzarek
Tekstforfattar John Densmore, Robby Krieger, Ray Manzarek, Jim Morrison
Låtskrivar(ar) Jim Morrison, Robbie Krieger, John Densmore, Ray Manzarek
Produsent Rick Jarrard
José Feliciano-kronologi 
«La Copa Rota»
(1968)
Light My Fire «Hi-Heel Sneakers»
(1968)


José Feliciano[endre | endre wikiteksten]

Vokalist og gitarist José Feliciano fekk stor internasjonal suksess med si utgåve av «Light My Fire» i 1968. Det er kanskje den mest kjende coverversjonen av songen, og nådde 3. plass på den amerikanske singellista, berre eitt år etter han hadde nådd førsteplassen på same lista. Feliciano blanda latinsk musikk inn i songen, med ei blanding klassisk spansk gitar og flamenco og ein amerikansk popstil. Singelen var med på å gjere albumet Feliciano! til ein stor internasjonal suksess. Arrangementet til Feliciano av «Light My Fire» har påverka fleire andre versjonar, mellom anna Will Young. Låtskrivar Robby Krieger sa i eit intervju om versjonen: «Det er verkeleg ei stor kjensle å ha skrive ein klassikar. Eg trur eg skuldar Jose Feliciano mykje for at han faktisk vart ein, for etter han gjorde songen, byrja alle å gjere han. Han gjorde eit heilt anna arrangement på han.»[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forty years on, Jim Morrison cult thrives at Paris cemetery». The Independent. 1. juli 2011. Henta 14. september 2017. 
  2. «GOLD & PLATINUM». riaa.com. Henta 17. mars 2011. 
  3. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 16. april 2007. Henta 17. mars 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Light My Fire in». guitarworld.com. Henta 17. mars 2011. 
  5. 5,0 5,1 Marie Korpe, Shoot the singer!: music censorship today. Zed Books. 2004. s. 178. ISBN 1842775057. Henta 17. mars 2011. 
  6. Hicks, Michael (2000). Sixties Rock: Garage, Psychedelic, and Other Satisfactions. University of Illinois Press. s. 83. ISBN 0252069153. Henta 17. mars 2011. 
  7. Hogan, Peter K.; Charlesworth, Chris (1994). The complete guide to the music of the Doors. Music Sales Group. s. 30. ISBN 0711935270. Henta 17. mars 2011. 
  8. Riders on the Storm
  9. Light My Fire - The Doors Lyrics
  10. «27. september 1967 Singles». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen den 14. juni 2012. Henta 23. juli 2019. 
  11. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. juli 2019.
  12. "Dutchcharts.nl – The Doors – Light My Fire" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 23. juli 2019.
  13. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 2. september 2018. 
  14. "Chart Stats – The Doors – Light My Fire" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 23. juli 2019.
  15. "Doors?f=379&g=Singles The Doors Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Doors. Prometheus Global Media. Henta 23. juli 2019.
  16. «CASH BOX Top 100 Singles». cashboxmagazine.com. Arkivert frå originalen 10. juli 2012. Henta 28. februar 2010. 
  17. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  18. «The Irish Charts - All there is to know». Henta 23. juli 2019. 
  19. Roberts, David (May 2005). British Hit Singles and Albums 18 Ed. Gullane Children's Books. ISBN 978-1-904994-00-8. 
  20. «RPM Top 100 Singles of 1967». Arkivert frå originalen 12. august 2016. Henta 23. juli 2019. 
  21. «Top 100 Hits of 1967/Top 100 Songs of 1967». www.musicoutfitters.com. 
  22. «Cash Box YE Pop Singles - 1967». tropicalglen.com. 
  23. «Italian single salstrofé – The Doors – Light My Fire» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 11. mars 2019.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Doors in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  24. «American single salstrofé – The Doors – Light My Fire». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  25. «Robby Krieger talks guitars and The Doors». Henta 10. september 2016. 
  26. James, Gary (1994). «Interview With Robby Krieger». Classic Bands. Henta 17. mars 2011.