Joseph Henry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Henry
Joseph Henry (1879).jpg
Fødd17. desember 1797
Albany i New York
Død13. mai 1878
Washington
NasjonalitetUSA
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarPrinceton University
Smithsonian Institution
Alma materThe Albany Academy
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Academy of Arts and Sciences
Accademia Nazionale dei Lincei
American Antiquarian Society

Joseph Henry (17. desember 179713. mai 1878) var ein amerikansk fysikar.

Henry er særleg kjent for studium over elektromagnetisme og elektromagnetisk induksjon, som han utførde samstundes med Michael Faraday. I 1835 føreslo han å bruke elektromagnetar til elektrisk telegraf, og konstruerte i tilslutning til tidlegare arbeid av W. Sturgeon ein av dei første store elektromagnetane og ein elektromotor. Han arbeidde med problem i akustikken, meteorologien, signalisering i tåke og lyskjelder for fyrtårn.

Han var mellom anna professor ved Princeton University, og frå 1846 sekretær ved Smithsonian Institution. Henry har vidare hatt stor tyding som organisator av det amerikanske vitskapsakademiet (National Academy of Sciences) og American Association for the Advancement of Science.

Den elektriske måleininga henry er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]