Dommar i retten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også dommar i tevling

Med dommar i retten meiner ein vanlegvis ein person som er tilsett i ein domstol, og som har mynde til å treffe dømmande avgjerder.

Fast tilsette dommarar er i Noreg embetsmenn, noko som mellom anna gjer at ein dommar ikkje kan avsettast på annan måte enn ved dom. Dette er ein del av maktfordelingsprinsippet, og bakgrunnen er at dommarar skal vere uavhengige av dei andre statsmaktene. Liknande reglar som sikrar at dommarar er uavhengige av dei andre statsmaktene finst i dei fleste utvikla rettssystem.

I tillegg til dei fast tilsette dommarane har ein i Noreg eit system med dommarfullmektigar. Dette er juristar som blir tilsett som dommarar for vanlegvis 2 år, og ikkje lenger enn 3 år. Dommarfullmektigar er ikkje embetsmenn.

Også meddommarar blir rekna som dommarar etter domstollova, men desse er ikkje embetsmenn, og har såleis ikkje noko tilsvarande stillingsvern. Medlemmer av lagretten blir ikkje rekna som dommarar.

For å bli embetsdommar er det eit krav at ein har Juridisk embetseksamen eller er Master i rettsvitskap. Ein må vidare vere «vederheftig», det vil noko upresist seie at ein ikkje må vere insolvent. Det blir også stilt krav om eit reint rulleblad. For somme dommarstillingar er det dessuten ytterlegare krav. For å bli tilsett som lagmann eller høgsterettsdommar må ein ha fylt 30 år og ha juridisk embetseksamen med «beste karakter», det vil seie laud. I Noreg blir dommarar utnemnde av Kongen i statsråd etter innstilling frå Domstolsadministrasjonen.

Den sentrale lova som regulerer dommarar i norsk rett er domstollova frå 1915.