Joseph Oscar Hennum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Oscar Hennum
Fødd 7. juni 1847
Død

23. mars 1908 (60 år)

Yrke lege

Joseph Oscar Hennum (7. juni 184723. mars 1908) var ein norsk lækjar og anatom.

Hennum tok medisinsk embetseksamen i 1885, og etter nokre år som fattiglækjar i Vestre Toten, flutte han til Kristiania i 1880. Der fekk han stilling som kommunelækjar i Østre Aker og verka dessutan som prosektor i anatomi og demonstrator i mikroskopi ved Universitetet i Oslo, og som kompanikirurg i militæret.

I 1893 vart Hennum distriktslækjar i Aker, og i 1895 vart han hovudlækjar ved Riksforsikringsanstalten. Der arbeidde han særleg for å forbetra dei hygieniske tilhøva i kommunen og for å få lag på den sosiale ulukkestrygdinga.

Hennum var òg oppteken av opplysningsverksemda i arbeidarakademia. Han var formann i Kristiania Arbeiderakademi mellom 1886 og 1897, og der heldt han fleire førelesingar om menneskeanatomien.

Hennum forfatta mange vitskaplege arbeid, mellom anna i «Anatomischer Anzeiger» og «Biologiske Meddelelser».

I 1886 fekk han gjeve ut det vesle skriftet «Anatomiske termini fra det norske landsmål», der han, med Ho bygde på Ivar Aasens «Norsk Ordbog» som grunnlag, gjorde greie for den store rikdomen av anatomiske omgrep i det norske folkemålet. Dette var den fyrste fagordlista på landsmål.

Han døydde i Kristiania i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]