Josephsoneffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Josephsoneffekt er ei nemning for karakteristiske elektriske straumfenomen som opptrer når to superleiande metall er åtskilt av eit tynt, isolerande sjikt. Vert det lagt ein liten konstant spenning mellom metalla, vil det oppstå ein elektrisk vekselstraum gjennom det isolerande sjiktet, og det blir samstundes sendt ut elektromagnetisk stråling. Straumen skuldast at elektron kan passere gjennom isolatoren ved tunneleffekt. Effekten er kalla opp etter Brian David Josephson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]