Joshua King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joshua King
Chelsea 0 Bournemouth 1.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. januar 1992
Oslo
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Joshua Christian Kojo King (fødd 15. januar 1992) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som i perioden 2012-18 har delteke i 37 landskampar for Noreg. Han har skåra 12 landslagsmål. King har aldri spelt for norske klubblag.

King reiste til England som 17-åring, og trente med Manchester United. Han makta ikkje å spele seg inn på laget, så i åra fram til 2012 prøvde han seg i Preston, Borussia Mönchengladbach og Hull City, utan suksess. Hausten 2012 gjekk turen til Blackburn Rovers, der han fekk meir speletid. Sommaren 2015 vart han overført til for AFC Bournemouth, der han markerte seg som ein målfarleg spiss.

King fekk sin debut på Noregs landslag den 7. september 2012 i Reykjavik, han var innbytar då heimelaget vann 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp. Dei neste sesongane var han fast inventar i landslagtroppene, og vart jamt nytta, om enn ofte som innbytar. Pr 1. november 2018 står han med 12 mål for Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]