Josip Iličić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Josip Iličić
Personleg informasjon
Fullt namn Josip Iličić
Fødd 29. januar 1988
Fødestad Prijedor
Høgd 190 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Palermo
Nummer 27
Ungdomsklubbar

2006-07
Flag of Slovenia.svg Triglav Kranj
Flag of Slovenia.svg Britof
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007-08
2008-10
2010
2010-
Flag of Slovenia.svg Bonifika
Flag of Slovenia.svg Interblock
Flag of Slovenia.svg Maribor
Italia Palermo
24 (3)
55 (12)
5 (1)
5 (3)
Landslag
2009
2010-
Flag of Slovenia.svg Slovenia U21
Flag of Slovenia.svg Slovenia
5 (0)
3 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 11. august 2010

Josip Iličić (fødd 29. januar 1988 i Prijedor i Bosnia-Hercegovina) er ein slovensk fotballspelar som spelar på midtbanen for Palermo i italiensk Serie A. Han har òg landskampar for Slovenia. Iličić vart seld til Palermo frå den slovenske klubben Maribor sommaren 2010 for ein ukjend sum, som ein går ut frå er rundt 2,3 millionar euro. Dette gjer han til ein av dei dyraste slovenske fotballspelarane. Han debuterte for Slovenia sitt A-landslag 11. august 2010 i ein privatlandskamp mot Austerrike.

Iličić vart fødd i Bosnia-Hercegovina, men flytta til Slovenia då han var berre eitt år gammal. Han har kroatisk opphav, og kunne difor ha spelt for landslaga til både Kroatia og fødelandet Bosnia-Hercegovina, men valde Slovenia, der han har budd mesteparten av livet.