ACF Fiorentina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiorentina
ACF Fiorentina.svg
Fullt namnACF Fiorentina SpA
KallenamnLa Viola «Lilla»
I Viola «Dei lilla»
Il Gigliati «Liljane»
Grunnlagd29. august 1926 (som Associazione Calcio Fiorentina)
1. august 2002 (som AC Fiorentina e Fiorentina Viola
HeimebaneStadio Artemio Franchi
(kapasitet: 43,147)
HovudtrenarVincenzo Montella
LigaSerie A
2018/1916. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

ACF Fiorentina er ein fotballklubb frå Firenze i Italia. Klubben vart danna som Florentia Viola i 2002, etter at forgjengaren AC Fiorentina gjekk konkurs same året. ACF Fiorentina fekk sitt noverande namn i 2003 og reknar klubbhistoria tilbake til 1926, då AC Fiorentina vart stifta gjennom ei samanslåing av to lokale fotballag. Klubben er vide kjend for sine klubbfargar med lilla trøyer og bukser.

Fiorentina vann Cupvinnarcupen i 1961, og tapte finalen i same turneringa året etter. Klubben nådde i 1957 finalen i Europacupen, der det vart tap for Real Madrid, Europas beste fotballag i siste halvdel av 1950-åra. I 1990 tapte Fiorentina finalespelet i UEFA-cupen, borte-/heimekamp, med 1-3 for Juventus. Fiorentina har vunne to seriemeisterskap i Italia, fyrst i 1956 og så på ny i 1969. Seks gongar har klubben gått til topps i den italienske cupen; Coppa Italia.

Sidan 1931 har Fiorentina spela på Stadio Artemio Franchi, eit stadion med plass til 47 282 tilskodarar.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

19. februar 2020[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Italia K Pietro Terracciano
3 Flagget til Brasil F Igor (på lån frå SPAL)
4 Flagget til Serbia F Nikola Milenković
5 Flagget til Kroatia MB Milan Badelj (på lån frå Lazio)
7 Flagget til Frankrike MB Franck Ribéry
8 Flagget til Italia MB Gaetano Castrovilli
9 Flagget til Elfenbeinskysten A Christian Kouamé (på lån frå Genoa)
11 Flagget til Italia A Riccardo Sottil
17 Flagget til Italia F Federico Ceccherini
18 Flagget til Algerie MB Rachid Ghezzal (på lån frå Leicester)
19 Flagget til Colombia MB Kevin Agudelo (på lån frå Genoa)
20 Flagget til Argentina F Germán Pezzella Kaptan logo.svg
21 Flagget til Spania F Pol Lirola (på lån frå Sassuolo)
22 Flagget til Uruguay F Martín Cáceres
Nr. Posisjon Spelar
23 Flagget til Italia F Lorenzo Venuti
24 Flagget til Italia MB Marco Benassi
25 Flagget til Italia A Federico Chiesa
26 Flagget til England A Bobby Duncan
28 Flagget til Serbia A Dušan Vlahović
29 Flagget til Brasil F Dalbert (på lån frå Inter)
33 Flagget til Italia K Federico Brancolini
63 Flagget til Italia A Patrick Cutrone (på lån frå Wolves. Permanent overgang 1. juli 2021)
69 Flagget til Polen K Bartlomiej Dragowski
77 Flagget til Frankrike A Cyril Théréau
78 Flagget til Chile MB Erick Pulgar
88 Flagget til Ghana MB Alfred Duncan (på lån frå Sassuolo)
93 Flagget til Serbia F Aleksa Terzic

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. violachannel.tv