Josjkar-Ola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josjkar-Ola
Йошкар-Ола
Josjkar-Ola og elva Malaja Koksjaga
Josjkar-Ola og elva Malaja Koksjaga
Flagget til Josjkar-Ola Byvåpenet til Josjkar-Ola
Flagget til Josjkar-Ola Byvåpenet til Josjkar-Ola


Plassering
Josjkar-Ola is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Mari El
Grunnlagd
Bystatus
1584
1781
Borgarmeister Evgeny Maslov[1]
Geografi
Flatevidd
 - By

100 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

249 800
  2 498 /km²
Koordinatar 56°38′0″N 47°52′0″EKoordinatar: 56°38′0″N 47°52′0″E
Høgd over havet 100 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 424xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)8362
Nettstad: capital.mari-el.ru

Josjkar-Ola er hovudstaden i den mariske republikken Mari El i Russland. Byen hadde om lag 250 000 innbyggjarar i 2007. Han ligg ved elva Malaja Koksjaga, rundt 650 km aust for Moskva. Delar av byer er ZATO, stengd for ålmenn ferdsel fordi 14. strategiske missildivisjon har sitt hovudkvarter der.

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Det russiske og austmariske namnet Josjkar-Ola (kyrillisk skrift Йошкар-Ола) blir uttalt [jåsjkarålA], med trykk på siste stavinga. Namnet tyder «Raudbyen». Det noverande namnet er det tredje namnet på byen. Han heitte Tsarjovokoksjajsk (russisk russisk skrift Царёвококшайск) før 1919 og Krasnokoksjajsk (russisk Краснококшайск) frå 1919 til 1927. Desse namna kom frå elva som renn gjennom byen.

Nasjonalteateret i Mari El

Under sovjettida, spesielt etter den andre verdskrigen, var byen eit regionalt industri- og transportsenter og voks til den noverande storleiken. Samanbrotet til Sovjetunionen fjerna kunstig støtte for ineffektive statlege verksemder og førte til at mesteparten av industriproduksjonen i området vart nedlagt. Den brå nedgangen i levestandard førte til at den best kvalifiserte arbeidskrafta flytta til andre byar i Russland.

Det ligg ein strategisk rakettbase nær byen.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Josjkar-Ola er knytt til andre byar og regionar i Russland via jernbane og bussruter. Josjkar-Ola lufthamn ligg 9 km nord for byen.

For transport innan byen finst eit nettverk av kollektivtrafikk, som består av bussar, trolleybussar og rutetaxiar (marsjrutki (russisk: маршрутки).

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Josjkar-Ola ligg fleire høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Mari statlege universitet, Mari statlege tekniske universitet og Mari statlege pedagogiske institutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Josjkar-Ola