Jostefonn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jostefonn | |
isbre | |
Område | Balestrand og Førde |
---|---|
Type | Platåbre |
Areal | 12,5 km² |
Toppunkt | 1620 moh |
Botnpunkt | 950 moh |
Koordinatar | Koordinatar: |
Jostefonn er ein isbre i Balestrand og Førde kommune i Sogn og Fjordane 15 km sørvest for den sørlegaste delen av Jostedalsbreen. Han har eit areal på 12 km² og er den 31. største isbreen i Noreg utanom Svalbard.
To gonger på 1800-talet, i 1820 og i 1848, oppstod det jøkulhlaupar frå breen. Vetlefjordbreen, ein liten brearm av Jostefonn, demde opp eit vatn i Skaddalen og store mengder vatn raste ned Vetlefjorddalen då demninga brast og øydela fleire gardar.[1]
NVE har overvaka breen og føreteke målingar sidan 1995.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Liestøl, O., (1956). «Glacier dammed lakes in Norway». Norsk Polarinstitutt med. 81