Jostedalsbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Jostedalsbreen
isbre
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunar Luster, Sogndal, Jølster, Stryn
Type Platåbre
Areal 487 km²
Lengd 60 km
Tjukn 600 m
Toppunkt 1952 moh
Botnpunkt 350 moh
Koordinatar 61°40′N 06°59′EKoordinatar: 61°40′N 06°59′E
Wikimedia Commons: Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og ligg i Sogn og Fjordane fylke. Isbreen dekkjer eit areal på 487 km² og ligg i kommunane Luster, Sogndal, Jølster og Stryn. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.

Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit areal på 1310 km².

Jostedalsbreen er ein temperert bre, som vil seie at det renn vatn under han og at breen ligg på trykksmeltepunktet. På grunn av dette eroderer han på underlaget og kan flytte på seg. Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa, med eit samla areal på over 480 km². Det høgaste punktet på breen er Høgste Breakulen på 1952 moh. Fleire brearmar går langt ned i dalane, m.a. Bøyabreen i Fjærland og Nigardsbreen, båe til om lag 300 moh. På det tjukkaste er breen om lag 600 meter tjukk. Jostedalsbreen strekkjer seg over eit stort platå i over 1600 moh. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengd på vel 60 km og dekkjer nesten halvparten av nasjonalparken.

Jostedalsbreen, Lodalskåpa og Brenibba er dei høgaste nunataka på Jostedalsbreen.

Brearmar og utløparar[endre | endre wikiteksten]

Jostedalsbreen har mange brearmar. Frå nordaust og sørover er dei største:

Turisme og friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Briksdalsbreen og Nigardsbreen er dei mest kjende delane av Jostedalsbreen og vert årleg vitja av mange tusen turistar. Det er bygd tre museum og senter rundt breen; i Jostedalen ligg Breheimsenteret, i Fjærland Norsk Bremuseum og i Stryn ligg Jostedalsbreen nasjonalparksenter.

Det er ei rekkje kjende breturar på Jostedalsbreen. Kryssinga frå Tungestølen opp Austerdalsbreen og Kvitesteinsvarden over breen ned til Kattenakken og Briksdal, er av dei mest klassiske breturane i Noreg. Turen vart først gått av William Cecil Slingsby og følgjet hans i 1894, og på same dag og utan å vite om kvarandre, av Kristian Bing og Daniel Sygnesand.

Josten på langs er ein moderne klassikar på ski, gjerne gjennomført i mai. Han startar gjerne i Erdalen i Stryn eller på Sota seter i Skjåk og følgjer breen til Flatbrehytta og Fjærland i sør. Turen tek om lag tre dagar.

Skiturane Loen rundt og Olden rundt er òg klassiske skiturar som tek om lag tre dagar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • L. Ryvarden og og B. Wold: Norges isbreer. Universitetsforlaget 1991.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]