Jostein Wilmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostein Wilmann
Fødd 15. juli 1953 (67 år)
Skaun
Yrke sykkelryttar

Jostein Wilmann (fødd 15. juli 1953) var ein norsk proffsyklist frå Viggja i Skaun. Han var arktiv på slutten av 70-talet og først på 80-talet.

Blant dei største prestasjonane hans finn vi ein andreplass i Rheinland Pfalz i 1975, tredjeplass i Slovakia Rundt i 1976, og fjerdeplass i Rheinland Pfalz same år. I 1978 vann han Austerrike Rundt og Steiermark Rundt. Suksessen heldt fram i 1979 med tredjeplass i Tour de L’avenir utan laghjelp, og han utklassa alle da han vann samanlagt i det tredje forsøket sitt i Rheinland Pfalz. I Frankrike rundt (Tour de France) i 1981 låg han etter åtte etappar på tredjeplass samanlagt, men tapa mykje etter eit stygt fall. Han enda på 14. plass samanlagt etter å ha kjempa seg opp frå 64.plass etter fallet. Dette er den beste samanlagtplassering av ein nordmann nokon gong i Frankrike rundt.

I 1982 kom boka Mil etter mil – Jostein Wilmann går i brudd (ISBN 82-03-10890-3), skriven av Arild Nyquist.

Jostein Wilmann er far til syklisten Frederik Wilmann.