Joyce Banda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joyce Banda

Statsborgarskap Malawi
Fødd 12. april 1950 (74 år)
Zomba
Yrke politikar, velgjerar, aktivist, diplomat, advokat
Verv President i Malawi
Periode 2012-2014
Føregangar Bingu wa Mutharika
Etterfylgjar Peter Mutharika
Verv Visepresident i Malawi
Periode 2009-2012
Føregangar Cassim Chilumpha
Etterfylgjar Khumbo Kachali
Verv Utanriksminister i Malawi
Periode 2006-2009
Føregangar George Chaponda
Etterfylgjar Etta Banda
Politisk parti United Democratic Front, People's Party
Ektefelle Richard Banda
Joyce Banda på Commons

Joyce Hilda Banda (fødd Joyce Mtila12. april 1950) er ein malawisk politikar som var president i Malawi frå 7. april 2012 til 4. mai 2014. Fram til dette sat Banda som visepresident, og ho overtok presidentskapen to dagar etter at forgjengaren Bingu wa Mutharika døydde av hjarteinfarkt. Ho er den fjerde presidenten i republikken. Banda representerer People's Party (PP), eit parti ho sjølv nyleg starta opp.

Politisk liv[endre | endre wikiteksten]

Joyce Banda vart fødd i distriktet Zomba, sør i landet, men voks opp i Kenya og fekk utdanning i USA og Italia. I 2004 vart ho innvald som parlamentsmedlem, og i 2005 var ho med på skipinga av Democratic People's Party (DPP) og vart vald som generalsekretær. Frå 2006 til valet i 2009 sat ho som utanriksminister, i 2009 vart ho den fyrste kvinnelege visepresidenten i Malawi. Frå 2010 av vart ho marginalisert i partiet av di ho ikkje ville underskriva ei erklæring om at Peter Mutharika, bror til presidenten, skulle vera DPP sin presidentkandidat i 2014. Saman med andre meiningsfeller vart ho ekskludert frå partiet sjølv om ho heldt fram som visepresident i namnet. Etter nokre månader skipa Banda eit nytt politisk parti som fekk namnet People's Party, etter at høgsterett hadde avvist mange forsøk frå regjeringa si side for å få stoppa registreringa.

Bingu wa Mutharika brått døydde av hjarteinfarkt i april 2012, forsøkte fleire DPP-politikarar å forhindra at Banda skulle bli den nye presidenten, og grunngav dette med at ho vart ekskludert frå partiet. Men militærleiinga og domstolane heldt fast på at dei grunnlovsfesta rettane åt visepresidenten måtte respekterast, og Banda vart dermed den første kvinnelege presidenten i Malawi.

Joyce Banda er ein forkjempar for likestilling, og driv organisasjonen Blantyre, som arbeider for utdanning for jenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]