Malawi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Republic of Malawi
Dziko la Malaŵi

(norsk: Malawi, malawisk)

Det malawiske flagget Det malawiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mlungu dalitsani Malawi»
Motto Unity and Freedom (engelsk, 'Samhald og fridom')
Geografisk plassering av Malawi
Offisielle språk Engelsk og chichewa
Hovudstad Lilongwe
Styresett
Republikk
Lazarus Chakwera
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
118 484 km² (99.)
20,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
19 196 246 (62.)
10 548 250
162 /km² (56.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
6. juli 1964
Nasjonaldag 6. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
20 560 mill. USD (138.)
1 500 USD (188.)
Valuta Kwacha
Tidssone UTC +2
Telefonkode +265
Toppnivådomene .mw


Malawi er eit land i Aust-Afrika som grensar til Tanzania, Zambia og Mosambik. Landet er prega av Malawisjøen, som utgjer ein femdel av flatevidda. Det malawiske flagget viser sola som går ned over denne sjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Malawi var britisk protektorat med namnet Nyasaland frå 1891. I 1953 blei Nyasaland med i ein føderasjon med Rhodesia (seinare Zimbabwe og Zambia). Landet fekk fullt sjølvstyre i 1963. Føderasjonen med Rhodesia vart oppløyst i desember 1963, og 6. juli 1964 blei Malawi ein sjølvstendig stat.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Malawi er eit av dei minst utvikla landa i Afrika økonomisk sett. Gjennomsnittsinntekta per innbyggjar er mellom dei aller lågaste i verda. Jordbruksprodukt utgjer heile 90 prosent av landets samla eksport. Tobakk er viktigast, og står for tre firedelar av Malawis samla valutainntekter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Forholda i Shiredalen er tropisk med høge temperaturar året rundt og ein ubehageleg kombinasjon av varme og fukt i regntida.

Det høgareliggande Lilongwe har derimot eit meir behageleg klima og lågare temperaturar. I perioden november til februar kan derimot både temperaturen og fukta bli så pass høg at ein kan få ubehagelege forhold. Over 1500 m er det ikkje uvanleg med frost i perioden frå april til august, og det kan òg vere kjølig på dagtid om det er skya vêr. Mykje av regnet som kjem i samband med den intertropiske konvergenssona kjem i form av kraftige torebyer, men ein kan òg ha regnvêr som varer to til tre dagar.

Fjellområda sør og nord i Malawi er blant dei våtaste områda i denne delen av Afrika med ein årleg nedbørsnormal mellom 1500 og 2000 mm. Den kraftigaste nedbøren kjem derimot i mars eller april, noko som er uvanleg for denne delen av Afrika, men ein har som regel litt nedbør året rundt. Det meste av landet har ein årleg nedbørsnormal mellom 875 og 1250 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Malawi