Julie Walters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julie Walters på premieren til Paddington-filmen i 2014.

Julia Mary «Julie» Walters (fødd 22. februar 1950) er ein engelsk skodespelar og skribent. Ho har vunne to BAFTA-prisar for film, fire for fjernsyn og mottok BAFTA Academy Fellowship Award i 2014.

Walters vart internasjonalt kjend i 1983, då ho spelte tittelrolla i Educating Rita. Det var ei rolle ho hadde skapt på West End-scena og ho vart nominert til Oscar-prisen for beste kvinnelege skodespelar for henne, i tillegg til at ho vann ein BAFTA og ein Golden Globe. Ho vart nominert til Oscar for andre gong, denne gongen for ei birolle, i filmen Billy Elliot (2000), som ho også vann BAFTA for. Andre filmroller omfattar Private tjenester (1987), Prick Up Your Ears (1987), Buster (1988), Stepping Out (1991), Kalenderpikene (2003) og Mamma Mia! (2008). Walters har også spelt Molly Wiltersen i sju av dei åtte Harry Potter-filmane (2001–2011). På scena har ho vunne ein Olivier-pris for beste kvinnelege skodespelar for 2001-oppsetninga av All My Sons.

På fjernsyn er ho velkjend for samarbeid med Victoria Wood i fleire TV-show, mellom anna Wood and Walters (1981), Victoria Wood As Seen on TV (1985–1987), Pat and Margaret (1994) og Dinnerladies (1998–2000). Ho har vunne BAFTA-prisen for beste kvinnelege skodespelar på fjernsyn fire gonger, for My Beautiful Son (2001), Murder (2002), The Canterbury Tales (2003) og som Mo Mowlam i Mo (2010). Ho var også med i A Short Stay i Sveits i 2009, som ho vann ein Emmy for beste kvinnelege skodespelar for. I 2006 kom på fjerdeplass i ITV si avstemning av publikums femti største fjernsynsstjerner i Storbritannia.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne skodespelarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.