Jurjuzanelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jurjuzan
elv
none  Jurjuzan ved byen Ust-Katav
Jurjuzan ved byen Ust-Katav
Land Russland
Lengd 404 km
Nedslagsfelt 7 240 km²
Middelvassføring 55 /s
Kjelde Dei sørlege Uralfjella
Munning Ufa
Wikimedia Commons: Yuryuzan River

Jurjuzan (russisk Юрюзань; basjkirsk Йүрүҙән) er ei elv i Basjkortostan og Tsjeljabinsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ufa frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Elva er 404 km lang, med eit nedslagsfelt på 7 240 km². Jurjuzan munnar ut i Pavlovskoje-reservoaret i Ufa. Middelvassføringa til elva er 55 m³/s ved munningen.

Elva frys til ein gong mellom andre halvdel av oktober og tidleg desember og er islagd til april. Elva er framkommeleg får båtar dei nedste 16 kilometrane. Langs elva ligg byane Jurjuzan og Ust-Katav.

Av sideelvar finn ein Bereziak, Katav, Kutkurka og Bulanka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]