Juventus
Juventus Football Club er ein fotballklubb frå Torino i Italia. Klubben blei stifta i 1897, og er ein av dei eldste i Italia. Juventus har også vunne flest titlar, totalt 27 titlar i Serie A.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Juventus blei stifta i november 1897 av studentar frå Massimo D'Azeglio-skolen. Laget vann ein tittel i ein tidleg versjon av den nasjonale ligaen så tidleg som 1905, men vann ikkje sin andre tittel før 1926. I 1923 fekk Agnelli-familien (eigarane av Fiat) kontrollen over klubben og bygde ein privat stadion i Villar Perosa, nær Torino. Frå 1931 vann klubben fem italienske ligatitlar på rad og i 1933 tok dei til å spela på Stadio Comunale. Etter andre verdskrigen var klubben framgangsrik nasjonalt og vann sitt tiande ligameisterskap i 1961. Dei vann rett nok ikkje nokre europeiske titlar igjen før 1977, då dei vann UEFA-cupen.
Høgdepunktet til Juventus i Europa blei ikkje nådd før 1985 då de vann Meisterligaen, men denne suksessen blei overskugga av Heysel-tragedien som skjedde under finalen mellom Juventus og Liverpool. Juventus vann Meisterligaen for andre gong i 1996. I 2003 var dei nære, men tapte på straffesparkkonkurranse mot rivalen AC Milan i finalen.
Juventus vann Europacupen for cupvinnarar i 1984 og to UEFA-cupmeisterskap i 1990 og 1993.
Spelarstall[endre | endre wikiteksten]
(13. november 2010)
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Juventus» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2009.

|