Kåre Sagedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Sagedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1960
Froland
Død

2. mai 2012

Idrett friidrett

Kåre Sagedal (19. juni 19602. mai 2012) var ein norsk friidrettsutøvar frå Froland i Aust-Agder. Han vann i tida 1985-95 fem gullmedaljar i sleggjekasting under noregsmeisterskap. I alt sanka han perioden 1981-2001 17 NM-medaljar i sleggekast og kulestøyt. Sagedal var etter tur medlem i Froland IL, Sørild FIK og IK Tjalve.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sagedal vart tredjemann i sleggjekast ved NM i friidrett 1981. Tre år seinare fekk han NM-sølv i øvinga med eit kast på 64,04 m, halvmeteren bak vinnaren. Åra 1985, 1986, 1987 henta han heim gullmedaljen i sleggjekast under noregsmeisterskapen, vinnarkasta målte høvesvis 68,26 m, 67,72 m og 68,90 m. Meistertittelen i 1987 kom etter han og tre andre norske utøvarar vart frikjende for doping, etter fyrst å ha testa positivt på eit vassdrivande middel.

Åra 1990 og 1991 vann Sagedal NM-gull nummer 4 og 5, etter bestekast på 64,32 m og 64,02 m. Under NM i friidrett 1992 tok han sølvmedaljen i både sleggjekast og kulestøyt, medan det i 1993 så vel som i 1994 vart NM-sølv i sleggjekast og NM-bronse i kulestøyt. Sidan kom han på bronseplass i sleggjekast i noregsmeisterskapen 1997, 1999 og 2001, til avveksling kneip han sølvmedaljen i NM i friidrett 2000 med eit kast på 60 meter jamnt.

Sagedal sette sin personlege rekord i sleggjekasting på 70,66 meter 4. august 1986 heime i Froland. I kulestøyting nådde han 18,38 meter, også det i Froland sommaren 1986, medan han i diskoskasting presterte 55,66 meter i Sandnes den 28. mai, atter i 1986.

Sagedal tevla også litt i vektløfting og styrkeløft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]