Froland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Froland kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Adm.senter Osedalen/Blakstad
Areal 645 km²
 - land 605 km²
 - vatn 40 km²
Folketal 5 790 (1. januar 2018)
Folketettleik 10 / km²
Målform nøytral
Ordførar Ove Gundersen (KrF)
Kommunenr. 0919
NO 0919 Froland.svg
Wikimedia Commons: Froland
Nettstad: www.froland.kommune.no

Froland er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Åmli, i nordaust mot Vegårdshei, i søraust og sør mot Arendal i sørvest mot Birkenes, og i vest mot Evje og Hornnes og Bygland.

Kommunen vart til ved samanslåing av tidlegare Froland og Mykland kommunar i 1967.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Frolands verk vart grunnlagd som jernverk i 1763 og drive slik fram til 1867. Etter kvart tok skogsdrift og sagbruk over. I dag er hovudbygget frå 1791 freda, og den gamle stallen vert nytta som kultursenter.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Energiselskapet Arendals fossekompani, grunnlagd 1896, driv tre kraftstasjonar i Froland og Åmli. Energiselskapet har hovudkontoret sitt på Bøylefoss i Froland.

Nelaug i Froland er fyrste stasjon på Arendalsbanen (tidlegare Nelaugbanen), som bind saman Sørlandsbanen og Arendal.

Kommunevåpenet vart godkjend i 1986. Det viser eit sylvfarga ekorn mot ein grøn bakgrunn. Grønfargen symboliserer skog og skogsdrift.

Kjende personar med tilknyting til Froland[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]