Köroğlufjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Köroğlufjella
(Köroğlu Dağları)
Fjellkjede
Bolu-08523 nevit.jpg
Tåke i Bolu, nær Köroğlufjella
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Høgaste punkt Köroğlu Tepesi
 - koordinatar 40°40′0″N 31°47′0″E
Lengd 400 km
Wikimedia Commons: Köroğlu Mountains

Köroğlufjella (tyrkisk Köroğlu Dağları) er ei fjellkjede nord i Tyrkia, nord for Ankara. Ho stig opp langs den nordanatoliske forkastninga og Svartehavet.

Denne fjellkjeda kryssar provinsane Bolu, Çankırı og Çorum, og grensar til Sakaryaelva i vest og Kızılırmakelva i aust.[1]

Det høgaste punktet, sør for Bolu, er ein andesittisk formasjon som består av eit platå der det høgaste punktet i fjellkjeda, Köroğlu Tepesi, ligg på 2499 meter over havet. Denne staden har skogar med furu og gran, med store sommarengar og vakre yaylas (fjellhytter).

Nyleg er det opna to vintersportstader nær Köroğlu Tepesi: Kartalkaya og Sarialan, i høgder mellom 1900 og 2378 meter over havet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Topographic map of Tyrkia (in JPG) Ankara University. Henta 8. august 2012.
  2. Köroğlu Dağları Planetware.com. Henta 8. august 2012.