Køyretøydekorasjon i Sør-Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dekorert lastebil i Pakistan
Dekorert traktor i snøen i Swatdalen i Pakistan.

Køyretøydekorasjon i Sør-Asia er ein tradisjon for å utsmykka køyretøy med og utan motor i Afghanistan, Bangladesh, India, Nepal og Pakistan. Særleg lastebilar i området er kjende for rike dekorasjonar, men ein kan også pynta bussar, bilar, rickshawar og vogner.

Køyretøy kan dekorerast med tekstil, tre, metall og plastikk og måleri av mange ulike slag. Ein kan til dømes måla mønster, tekst, blomar, dyr, personar og ulike symbol på køyretøya. Dekoreringa kan ha ulike regionale og personlege preg. Ho blir utført av særskilde yrkesgrupper.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skikken med køyretøydekorasjon går tilbake til før utviklinga av motorkøyretøy. Tidlegare kunne ein pynta berestolar, haudaer, vogner og trekk- og ridedyr som esel, elefantar, kamelar og okser. Skikken med å pynta dyr med teppe, bjøller, duskar og måling er framleis utbreidd.

Sykkelrickshaw dekorert med måleri, skinande klede og blomekrans i Janakpur i Nepal.

På 1920-talet fekk Kohistan Bus Company dekorert bussane sine for å tiltrekka passasjerar.[1] På 1950-talet blei langtransport med lastebil vanleg i Sør-Asia, og køyretøy kunne dekorerast for å skilja seg ut og gje eigaren ein konkurransefordel.[2] Rundt same tid byrja ein å dekorera rickshawar i Bengal, der til dømes brettet på baksida av rickshawen og taket over kunne pyntast.[3]

og skikken blei overført til motoriserte rickshawar eller tuk-tukar på 1970-talet. Seinare er det blitt vanleg å bruka påklistra dekorasjonar i staden for eller i tillegg til å få køyretøyet måla direkte.[2]

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Den dekorerte innsida av ein auto-rickshaw (tuk-tuk) i India.

Tidlege dekorasjonar av motorkøyretøy kunne vera relativt enkle religiøse motiv, som portrett av sikh-guruar eller sufi-helgenar. Gudar og etterkvart filmstjerner blei også vanlege.[4]

Tekst i form av kalligrafi eller enklare bokstavar kan innehalda dikt, utsegner, namn på gudar og religiøse leiar, og oppfordringar til å bruka hornet når ein køyrer forbi (horn please eller horn OK please).[4]

Teknikkar[endre | endre wikiteksten]

Måling av lastebil nær Cochin i India.
Måling av lastebil i Pakistan.

Ombygging som særleg blir gjort i Afghanistan og Pakistan kan gje eit ekstra nivå på toppen av køyretøyet som kan bli brukt til ekstra last eller som sovestad.[1] Det er vanleg å bruka treverk som materiale i Quetta og Peshawar, medan plastikk er vanlegare i Rawalpindi. På landsbygda i Sind kan ein bruka kamelbein til dekorasjonar.[1]

Køyretøydekorasjon blir utført av spesialistar som kvar kan ha sitt område dei konsentrerer seg om.[1]

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Mange av dekorasjonane på sørasiatiske køyretøy har ein lukkebringande funksjon. Bilde av demonfjes eller sko hengd frå undersida av køyretøyet kan vera meint å skremma vekk ulukke eller det vonde auget.[2]

For langtransportsjåførar blir lastebilen ein heim heimefrå. Klirrande armband i førarhuset kan minna dei om konene heime.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Mughal, Owais (18. juni 2008). «Pakistan’s Indigenous Art of Truck Painting». All Things Pakistan. Henta 4. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 McKenzie, Sheena (5 August 2015). «Pimp my ride: The psychedelic world of Indian truck art» (på English). CNN. Henta 31 July 2017. For truckers in India, that means a kaleidoscope of colors, slogans, and intricately painted symbols that are as much about bling -- as shrewd business sense. ..."A better looking truck attracts more business," says Shantanu Suman, graphic designer and filmmaker behind 2013 documentary "Horn Please," which explores India's spectacular truck art tradition. 
  3. Joanna Kirkpatrick (5. desember 1997), Bangladeshi Arts of the Ricksha 
  4. 4,0 4,1 «Tracing Truck Art beyond 'Horn OK Please': India and Pakistan’s Truck Art tradition» (på English). Creative Yatra. 16 November 2016. Henta 4. februar 2017.