Vogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestedriven mudderflatevogn i Tyskland.

Vogn (norrønt vagn) er eit køyretøy eller transportmiddel med overstell og hjul på minst éin aksling. Ei vogn kan trekkast eller dyttast av menneske, dyr eller ein motor.

Døme på vogner som er drivne med handkraft er barnevogn, handlevogn eller handkjerre. Eit vanleg eldre framkomstmiddel er hest og vogn, som i moderne tid er blitt erstatta av motorvogn, sporvogn og jernbanevogn. I samband med dyretransport viser vogntog til ei rekkje av vogner som følgjer tett etter kvarandre; i moderne bruk viser dette til ei eller fleire vogner trekte av ei motorvogn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vogn
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.