Hopp til innhald

K-punkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk teikning av ein hoppbakke.

Konstruksjonspunktet, eller K-punktet (òg kalla kalkulasjonspunktet eller det kritiske punktet) er starten av overgangen på unnarennet i ein hoppbakke. Det er det brattaste punktet i bakken. Dersom bakken har eit brattaste parti over ei lengre lengd, er konstruksjonspunktet den nedste, brattaste staden. Lengste lovlege hopplengd, utan at omgangen blir kansellert og farten blir sett ned, blir normalt sett i forhold til konstruksjonspunktet, for eksempel 10 % over. Dette blir kalla jurylengda.