KNBLO-medaljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nijemegenmedaljen

Nijemegenmedaljen er ein medalje for deltaking i den fire dagar lange marsjen i byen Nijemegen i Nederland. Dette er det einaste utanlandske dugleiksmerket som er godkjent for bruk på norsk uniform. Dette er òg det einaste av dugleiksmerka der ein får ein medalje ved fyrste gongs deltaking. Den fyrste marsjen vart halden i 1909. Den vert arrangert årleg av De Koninklijke Nederlandse Bond voor Lichamelijke Opvoeding (KNBLO) (Det kongelege nederlandske sambandet for lekamleg oppføding). Dagleg marsjlengd er mellom 30 og 50 kilometer alt etter alder og kjønn på deltakaren.