KNM «Harald Hårfagre»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KNM «Harald Hårfagre»
bilete: Jarle Vines
Org.formOrganisasjonsledd
Grunnlagd2005
KommuneStavanger kommune
Nettstadhttps://www.forsvaret.no/om-forsvaret/tjenestesteder/madla
Kart
KNM «Harald Hårfagre»
58°56′44″N 5°40′05″E / 58.94544306°N 5.668066°E / 58.94544306; 5.668066

KNM Harald Haarfagre (òg kjend som Madlaleiren) er ein felles rekruttskule for Sjøforsvaret og Luftforsvaret i Madla utanfor Stavanger. Rekruttane er på skulen i sju veker før dei vert sendt vidare til andre tenestestader som utskrivne meinige eller flysoldatar. KNM Harald Haarfagre har namnet sitt etter den tidlegare norske kongen Harald Hårfagre.

Frå innsida av KNM Harald Haarfagre, våren 2003.

Ved KNM Harald Haarfagre låg Sjøforsvaret sitt UB-kurs, som var spesielt retta mot å utdanne befal som skal vere instruktørar på rekruttskulen. Sjølve kurset tok seks månadar, og var fylgd av seks ytterlegare månadar som kvartermeister-aspirant og rekruttskuleinstruktør. Ved fullført 12 månadar utdanning vart dei dimmitert som kvartermeister. Sjøforsvarets befalskule vart lagd ned sumaren 2018.[1]

I over 60 år var det ein tradisjon at folkesetnaden i området feira 17.mai i leiren. I 2020 vart det slutt på denne tradisjonen, med grunngjevinga at ein måtte fokusere på å trene og utdanne rekruttar til å verte gode soldatar til forsvar av Noreg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Befalsskolen på Madla forsvinner: Samler befalskolene på Østlandet», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 21. september 2022 
  2. «Slutt på 17. mai i Madlaleiren», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 21. september 2022 
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.