Kagera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg regionen Kagera i Tanzania.
Samløpet mellom Kagera og Ruvubu.
Rusumofalla i Kagera.

Kagera (også kalla Akagera) er ei elv i det sentrale Afrika. Ho er ei tilløpselv til Victoriasjøen, og vert ofte rekna som det fjernaste tilløpet til Nilen. Elva er rundt 400 kilometer lang.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva byrjar i Burundi og renn i austleg retning. Ho er grenseelv over store delar av løpet sitt, fyrst mellom Rwanda og Burundi, og deretter mellom Rwanda og Tanzania. Etter Rusumofalla snur elva (og grensa) mot nord og deretter nordvest til ho møter grensa til Uganda. Her snur elva brått mot aust og er framleis grenseelv, no mellom Tanzania og Uganda. Etter kvart snur elva gradvis mot søraust og forlèt grensa og renn inn i Tanzania, før ho på den siste delen snur mot nordaust, kryssar grensa igjen og renn inn i Uganda, der ho munnar ut i Victoriasjøen ved Mubanzi, fem kilometer nord for grensa.

Den største sideelva er Ruvubu, som ho går saman med like ovanfor Rusumofossen. Elva har gjeve namn til Akagera nasjonalpark i det nordlege Rwanda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under folkemordet i Rwanda vart Kageraelva vidgjeten for fjernsynsbileta av massakrerte menneske som dreiv langs elva, som ved brua over Rusumofalla, der bileta viste flyktningar som rømde frå landet medan lika flaut forbi under brua. Ettersom Kagera drenerer heile Rwanda, unnateke områda lengst mot vest, vart alle lika som hadde vorte dumpa i elvar over heile landet etter hvert førte ned til Kagera, og deretter heilt ned til Victoriasjøen, over 200 kilometer nedstraums frå Rwanda. Dette førte i sin tur til at det vart unntakstilstand rundt utløpet i Victoriasjøen i Uganda, der lika til slutt enda opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kagera River» i nettutgåva til Encyclopædia Britannica.