Victoriasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victoriasjøen
innsjø
Sett få verdsrommet
Land  Tanzania,  Uganda  Kenya
Innsjøtype Riftdalsjø
Tilsig Kagera
Utløp Den kvite Nilen
Nedslagsfelt 193 000 km²
Høgd over havet 1133 moh.
Lengd 337 km
Breidd 250 km
Areal 68 870 km²
Middeldjupn 40 m
Største djupn 85 m
Volum 2 760 km³
Kystlengd1 3 440 km
Koordinatar 2°3′S 33°4′E
Øyar 3 000 (Sseseøyane i Uganda)
Byar Bukoba i Tanzania
Mwanza i Tanzania
Kisumu i Kenya
Kampala i Uganda
Entebbe i Uganda
Kart
Victoriasjøen
1° S 33° E
Wikimedia Commons: Lake Victoria
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Victoriasjøen eller Victoria Nyanza (òg kalla Ukerewe og Nalubaale) er ein av Dei store innsjøane i Afrika.

Victoriasjøen er 68 870 kvadratkilometer stor, og den største innsjøen på kontinentet, og den største tropiske innsjøen i verda. Han er òg den nest største ferskvassjøen i verda ut frå areal (om ein ikkje reknar Lake Michigan-Huron som ein enkel innsjø). Sjølv om han ikkje er særleg djup, berre 85 meter på det djupaste med eit middeldjup på 40 meter, er han den sjuande største ferskvassjøen i verda ut frå volum, og inneheld 2 760 km³ vatn. Innsjøen er kjelda til den lengste greina av Nilen, Den kvite Nilen, og har eit tilsigsområde på 193 000 km². Han er ein biologisk viktig innsjø med stort biologisk mangfald, der forskarar kan studere evolusjonen.[1] Innsjøen ligg på eit høgare platå i den vstlege delen av Riftdalen i Afrika, og er delt mellom landa Tanzania, Uganda og Kenya. Victoriasjøen har ei kystlinje på 3 440 km og meir enn 3 000 øyar, som mange er busette. Desse øyane er mellom anna Sseseøyane i Uganda, ei stor øygruppe i den nordvestlege delen av innsjøen, som trekkjer til seg stadig fleire turistar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Victoriasjøen er relativt ung, og det noverande bassenget vart danna for berre 400 000 år sidan då ei elv som rann vestover vart demma opp av landheving.[2] Det at innsjøen er grunn, har få elvar som munnar ut i han og eit stort overflateareal i forhold til volumet, gjer at han er sårbar for klimaendringar. Prøvar frå botn av innsjøen har vist at Victoriasjøen har tørka heilt inn tre gonger etter han vart danna.[3] Denne inntørkinga er sett i samanheng med dei siste istidene, som er periodar då nedbørsmengdene globalt har minka.[3] Sist gong innsjøen tørka inn var for 17 300 år sidan, og byrja å fylle seg opp att for 14 700 år sidan. Dei forskjellige variantane av flodleppefiskane i innsjøen har utvikla seg på den korte tidsperioden sidan den gong.[3]

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Dei første skrivne kjeldene om Victoriasjøen kjem frå arabiske handelsmenn som kom til området for å leite etter gull, elfenbein, andre verdifulle handelsvarer og slavar. Eit glimrande kart, kalla Al Adrisi-kartet frå 1160-talet, viser ei nøyaktig framstilling av Victoriasjøen, og han står oppført som kjelda til Nilen.

Europearane oppdaga innsjøen først i 1858 då den britiske utforskaren John Hanning Speke nådde den sørlege enden. Han og Richard Francis Burton utforska sentrale område av Afrika og fann dei store innsjøane. Han meinte han hadde funne kjelda til Nilen, og då han såg dette «enorme opne vatnet» første gong, kalla han innsjøen opp etter den dåverande dronninga av Storbritannia. Burton som etter ein sjukdomsperiode kvilte lenger sør ved breidda av Tanganyikasjøen, vart rasande då Speke hevda han hadde funne den verkelege kjelda til Nilen, og Burton rekna dette som framleis uavgjort. Ein offentleg krangel følgde, noko som skapte stor debatt i det vitskaplege miljøet på den tida, og førte mange andre utforskarar til området for å stadfeste eller motseie Speke si oppdaging.

Den kjende britiske eventyraren og misjonæren David Livingstone klarte ikkje å stadfeste oppdaginga til Speke, og kom i staden for langt vest og inn i Kongoelva sitt system. Det vart til slutt amerikanaren Henry Morton Stanley, som stadfesta Speke si oppdaging, då han reiste rundt heile innsjøen og rapporterte om den store utstrømminga ved Rippon Falls i nordenden av innsjøen.

Økologi og samfunnsmessig påverknad[endre | endre wikiteksten]

Tettleiksvekst rundt Victoriasjøen
Victoriasjøen og Riftdalen
Lokale språk rundt Victoriasjøen
Variasjon av vassnivået i Victoriasjøen

Victoriasjøen spelar ei viktig rolle for millionar av folk som bur langs innsjøen, eit av dei tettast folkesette områda på jorda. Økosystemet til Victoriasjøen og omgivnadane har vorte hardt råka av menneskeleg påverknad. I 1954 vart nilabboren sett ut i innsjøen i eit forsøk på å auke fiskeutbyttet i innsjøen. Desse forsøka vart utvida tidleg på 1960-talet. Det var berre små mengder av denne fisken fram til midten av 1980-åra, då bestanden eksploderte og han vart den dominerande fiskearten i sjøen. Niltilapia vart òg sett ut, i dag ei viktig matkjelde for dei lokale innbyggjarane. Nilabboren vart derimot katastrofal både økologisk og sosialøkonomisk. I tillegg til forureining på grunn av avskoging og overbusetjing (av både menneske og husdyr), har nilabboren ført til ei massiv omvelting i innsjøen sitt økosystem og mange hundre endemiske leppefiskeartar har døydd ut.

I tillegg har to opphavlege artar av fisken tilapia (ein slags leppefisk) forsvunne frå Victoriasjøen. Fisken vart kalla ngege og er meir smakfull enn niltilapiaen, men veks ikkje like fort. Ngege og visse andre fiskar har overlevd i små tjern og innsjøar som ligg rundt Victoriasjøen. På det meste førte nilabboren til eksportutbytte på fleire hundre millionar dollar kvart år, men dette har no skrumpa kraftig inn på grunn av dårleg handheving av fiskerindustrien. Nilabboren er ein viktig del av økonomien i regionen, men rikdomen vert dårleg fordelt.

Dei tre landa som grensar til Victoriasjøen - Uganda, Kenya og Tanzania - har i prinsippet avtalt avgift for eksport av nilabboren, som skal gå tilbake til lokalsamfunna og oppretthalde fiskeria. Denne avgifta har derimot ikkje tredd i kraft enno, og handsaminga av fiskeria og miljøvernslovene er generelt slapt.

I dag vert nilabboren overfiska, og bestanden av eit par endemiske leppefiskartar har auka igjen, særleg to-tre artar av ein planktonetande og sildelikande leppefisk. I 1996 medverka Verdsbanken i eit prosjekt for å bygge opp att og halde oppe økologien i Victoriasjøen og fiskeria kalla LVEMP (Lake Victoria Environmental Management Project).

Samtidig har EU investert store summar i infrastruktur for og overvaking av fiskeria. Få av desse prosjekta har hjelpt i vesentleg grad trass i store kostnadar, men potensialet for å ordne opp i dei samfunnsmessige og økologiske forholda er framleis stort. Ein fordel av hjelpa frå utlandet er at ein har utdanna ein ny generasjon av akvatiske økologar, ekspertar på bevaring og fiskeriforskarar i Aust-Afrika. Dessverre finn få av dei nyutdanna ekspertane jobb, og enno færre finn jobbar der dei kan nytte det dei har lært under utdanninga for å løyse problema i forholdet mellom innbyggjarane og innsjøen.

Årleg vandrar blågnu og andre slirehorndyr til Victoriasjøen for å jakte etter føde under tørketida. Dette er ein av dei største vandringane av denne type dyr i Afrika.

Nalubaale-demninga[endre | endre wikiteksten]

Det einaste utsiget frå Victoriasjøen er ved Jinja i Uganda der Victorianilen startar. Vatnet rant opphavleg over ein naturleg steinkant, men i 1954 sprengde britiske ingeniørar bort kanten og bytta han ut med Owens Falls-demninga, i dag kalla Nalubaale-demninga, og gjorde Victoriasjøen om til eit gigantisk reservoar for produksjon av vasskraft. Det vart oppretta avtale om at ein skulle ta ut like mykje vatn av innsjøen som ein hadde gjort tidlegare, og den maksimale vassføringa skulle setjast til mellom 300 og 1 700 kubikkmeter per sekund, avhengig av vassnivået i innsjøen.

I 2002 hadde Uganda gjort ferdig eit anna vasskraftverk i området med hjelp frå Verdsbanken. I 2006 var vassnivået i Victoriasjøen det lågaste på 80 år, og Daniel Kull, ein sjølvstendig hydrolog i Nairobi i Kenya, rekna ut at Uganda slapp ut dobbelt så mykje vatn som var tillate etter avtalen[4]. Vassnivået i innsjøen har fall 1,2 meter sidan 2003.

Med 3 500 kubikkmeter per sekund, meir enn det dobbelte av det maksimale ein har lov å tappe ut, vil det ta eit år å tappe 110,4 km³ frå innsjøen. Det er om lag 4 % av det totale volumet.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1900-åra har ferjene på Victoriasjøen vore eit viktig transportmiddel mellom Uganda, Tanzania og Kenya. Dei største hamnene er Kisumu, Mwanza, Bukoba, Entebbe, Port Bell og Jinja. Dampskipet MV «Bukoba» havarerte og søkkte i innsjøen 21. mai 1996, og nesten 1 000 menneske omkom i det som er ei av dei verste ulukkene til sjøs i Afrika.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kornfield, Ivy & Smith, Peter F. African Cichlid Fishes: Model Systems for Evolutionary Biology, Annual Review of Ecology and Systematics Arkivert 2017-11-07 ved Wayback Machine., Vol. 31: 163-196, Nov. 2000
  2. Reader, John. Africa. Washington, D.C.: National Geographic Society, 2001. s. 227
  3. 3,0 3,1 3,2 Reader, s. 228
  4. newscientist.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]