Kakskerta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kakskerta
Geografi
Stad Nær Åbo
Koordinatar 60°22′N 22°13′E
Øygruppe Skjergardshavet

Administrasjon
Land Finland
Kommune Åbo

Demografi
Folketal 633 (2004)

Plassering i Åbo

Kakskerta er ei øy i Skjergardshavet i Finland, like sør for byen Åbo (Turku) i Finland. Ho var tidlegare ein eigen kommune i Finland, og er i dag ein bydel i Åbo. Som andre øyar i Skjergardshavet har ho mange sommarturistar. Kaskertasjøen ligg om lag midt på øya.

Kaskerta har eit folketa på 633 (2004), og dette talet stig årleg med 4,11 %. 19,43 % av folkesetnaden er under 15 år, medan 11,85 % er over 65. Språkmessig talar 94,94 % finsk, 4,27 % svensk og 0,79 % andre.

Det ligg ei steinkyrkje på Kaskerta. Ho vart reist på 1600- og 1700-talet. Kommunen vart ein del av Åbo i 1968.