Skjergardshavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiittis, 25 km vest for Hangö.

Skjergardshavet[treng kjelde] (finsk Saaristomeri, svensk Skärgårdshavet) er ei øygruppe i Austersjøen mellom Bottenhavet og Finskebukta, og mellom Åland og det finske fastlandet. Ho er den mest øyrike øygruppa i verda, sjølv om dei fleste er svært små og dekkjer eit lite område.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den indre øygruppa er skogkledd.

Skjergardshavet har svært mange øyar. Det nøyaktige talet er avhengig av korleis ein definerer ei «øy», sidan storleiken på tørt land varierer frå små steinar som stikk opp av vatnet til store øyar med fleire landsbyar. Vanlegvis vert talet estimert til mellom 20 000 og 50 000 (til samanlikning har Indonesia mellom 13 000 og 18 000 øyar). Området er generelt delt inn i ei ytre og indre øygruppe, der den ytre delen består av mange småøyar som ikkje er busette. Øygruppa har grovt sett forma som ein trekant, der byane Mariehamn, Nystad (Uusikaupunki) og Hangö (Hanko) ligg i kvart hjørne.

Øyane dukka opp frå vatnet kort tid etter den siste istida, og landhevinga er ein prosess som framleis pågår, der nye skjer og øyar sakte vert danna, medan dei eldre øyane vert større eller veks i hop. Landhevinga har i dag ein fart på mellom 4 og 10 millimeter i året. Sidan øyane stort sett består av granitt og gneis, to svært harde bergartar, så er erosjonsprosessane mykje tregare enn landhevinga.

Demografi og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Skjergardshavet

Øyane er delt mellom Västra Finlands län og Åland. Grensa mellom desse regionane går om lag langs Skiftet (Kihti), eit relativt ope havområde. I lag med øyane nær kysten av Sverige dannar området ein Euroregion.

Folketalet i øygruppa er om lag 60 000, der 27 000 av dei bur i Åland. Dei fleste kommunane i området er svensktalande, eller har ein svensktalande majoritet. Dei største hamnene Skjergardshavet er Åbo (Turku) på det finske fastlandet og Mariehamn på Åland.

Mange finnar har sommarhus på øyane, som er kjend for dei naturskjønne omgivnadane. På grunn av dette kan folketalet på fleire av øyane verte dobla om sommaren. Desse sommarturistane er derimot stort sett finsktalande. Gullranda (Kultaranta), er den offisielle sommarresidensen til den finske presidenten ved Nådendal (Naantali).

Ein interessant del av folkesetnadsstatistikken er talet på tvillingar. Evna til å få toegga tvillingar er delvis arveleg, og dei nødvendige gena er dominerande i øygruppa. På 1700- og 1800-talet var talet på tvillingfødslar i forhold til folketalet større her enn nokon anna stad i Europa, og høgare enn på det finske fastlandet (21,3% mot 14,9%). Ei mogeleg forklaring var fiske. Fisk er ei svært god kjelde til protein og umetta feitt, og gav eit stabilt og godt næringstilfang. I fattige område på fastlandet var derimot hungersnaud vanleg. Dette kan forklare at ein skilnad i den genetiske samansetninga i populasjonen kunne halde seg i den relativt isolerte folkesetnaden, det var større sjanse for at tvilling-borna voks opp når tilgangen på mat var god.[1]

Økonomi og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Ei «gul» ferje om vinteren.
Kart over den austlege delen av Skjergardshavet

Øyane har generelt ein høgare levestandard samanlikna med det finske fastlandet. Fiske og handsaming av fisk er dei største industriane. Øygruppa er kjend for produkt frå sild og regnbogeaure. Jordbruk er avgrensa på grunn av dei små og steinete øyane, men klimaet er meir egna for jordbruk enn det finske fastlandet, og nokre øyar, som Rimito (Rymättylä), er vidkjend i området for å ha dei første nypotetene om sommaren. Turisme vert stadig viktigare for økonomien på øyane.

Øysamfunna på den «finske» sida av Skiftet er knytt saman via ein ringveg av bruer og ferjer. Øyane som ligg lenger borte er knytt saman via ferjesamband, og på Åland finst det òg ein liten flyplass. Ferjene er delt inn i to grupper. Dei «gule» ferjene (lossi på finsk) er gratis, og går korte ruter mellom store, nærliggande øyar. Dei «kvite» ferjene (yhteysalus på finsk) er ikkje gratis, og dei går ofte lengre ruter mellom fleire øyar. Store ferjer går mellom dei finske byane Åbo og Helsingfors til Åland og Sverige.

I kalde vintrar vert det oppretta offisielle isvegar mellom nokre av øyane. Dette gjer transporten mykje enklare, sidan ein kan køyre bil frå fastlandet til øyane. Om våren og hausten kan ein derimot ha periodar med smelting (kelirikko på finsk) då isen er for tynn sjølv for personar, men for tjukk for båttrafikk. Dette fører stundom til at enkelte øyar utan kaianlegg for større båtar vert isolerte i fleire dagar eller veker.

Mange viktige skipsruter kryssar Skjergardshavet, og med alle øyane, varierande djup og svært mange skjer, er dette farleg. På grunn av dette kryr det av fyr og seglingsmerke på øyane.

Natur og bevaring[endre | endre wikiteksten]

Ein toppdykkar

Øyane har eit unikt og mangfaldig dyreliv. Dei større øyane har dyreliv som i kystområda av fastlandet, medan skjera har heilt andre miljø. Det veks som regel ikkje tre på dei små øyane, men dei har likevel eit rikt planteliv. Miljøet er solrikt, og vekstsesongen er relativt lang og områda vert gjødsla med guano. Ein vedvarande vind og tynt jordsmonn avgrensar derimot planteveksten. Austersjøen har derimot lågt saltinnhald, slik at plantene sjeldan tar skade av sjøvatn som skvulpar opp på land.

Forholda kan variere stort sjølv på ei lita øy. Ein kan ha små område med ferskvassmyrar eller tjern, tjern med brakkvatn, buskar, enger, berr stein og lune viker på øyar som berre er nokre titals meter i diameter. Mange planter har endra utsjånaden sin på grunn av miljøet. T.d. veks einer på øya sjeldan høgare enn ein halvmeter, men kan dekkje eit fleire kvadratmeter stort område.

Øyane inneheld mykje sjøfugl. Her finn ein mellom anna knoppsvane, teist, toppdykkar og fleire artar av måse. I det siste har storskarvbestanden auka ein del i øygruppa. Sidan storskarven lever i tette koloniar, kan dette til slutt forgifte plantelivet på grunn av ekskrementa deira.

Den største trugselen til miljøet er derimot eutrofiering på grunn av jordbruk og fiskeoppdrett. I Finland har ein delvis fått kontroll over problemet, men effektane er delvis skjult av generelt dårlegare kår i Austersjøen. Mange område i øygruppa er verna ved at det er vanskeleg for folk å nå dei, i tillegg til at det er oppretta fleire verna naturområde, som nasjonalparken Sørvest-Skjergardshavet, der berre forskarar har lov å gå i land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På grunn av landhevinga etter den siste istida, steig øyane ut av havet for om lag 10 000 år sidan. Dei eldste arkeologiske funna går tilbake til om lag 4000 fvt. og representerer den kamkermaiske kulturen.

Øygruppa har ein strategisk posisjon ved inngangen til Stockholm, Åbo og heile Bottenhavet. Derfor vart det bygd festningar her av svenskane i mellomalderen. Ei kongeleg postrute brukte å gå via dei nordlege øyane på 1500- og 1600-talet. I 1809 måtte Sverige overgje øyane til Russland, og dei vart ein del av Storfyrstedømet Finland.

Under Krimkrigen vart engelsk-franske styrkar åtaka og øydelagd ved Bomarsund slott. I Ålandkonvensjonen i 1856 vart Åland-sida av øygruppa demilitarisert, og er det framleis i dag.

Finland fekk sjølvstende frå Russland i 1917. Kort tid etter prøvde Sverige å annekterte ein del av øygruppa, og skapte med det Ålandkrisa. Folkeforbundet vart kalla inn for å løyse situasjonen og i 1921 gav dei Finland suverenitet over heile øygruppa, trass i protestar frå majoriteten av ålendarane. Åland fekk derimot i stor grad sjølvstyre, og den demilitariserte statusen vart oppretthalden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lummaa, Virpi (6. august 1998). «Natural selection on human twinning.». Nature 394, 533-534. Henta 10. november 2008.