Kaktusfiken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frukter av fikenkaktusen

Kaktusfiken, kaktusfrukt, fikenopuntia eller indisk fiken er frukta/bæret frå fikenkaktusen (Opuntia ficus-indica), ein kaktusart frå Sør- og Mellom-Amerika som vert dyrka i tropiske og subtropiske strøk. Den pæreforma frukta, med fargar i raudt, oransje, gult og grønt, har saftig, guloransje fruktkjøt med ein smak som liknar på fiken, og med litt grynete konsistens. Skalet er tjukt med mange tynne, skarpe tornar.

Kaktusfiken inneheld om lag 14 mg vitamin C, 220 mg kalium, 88 % vatn og 152 kJ tilført energi per 100 g etande vare.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]