Fikenkaktus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fikenkaktus

Cactus Flower (17564845308).jpg

Vitskapleg namn
Opuntia ficus-indica
Utbreiing
Utbreiing: Opphavleg tropisk Amerika
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Dekkfrøplantar
Klasse: Ekte tofrøbladingar
Orden: Caryophyllales
Familie: Cactaceae
Slekt: Opuntia
O. ficus-indica

Fikenkaktus er ein art i kaktusfamilien som produserer kaktusfiken eller kaktusfrukt. Planten har flattrykte, leddete stammar, gule blomar. Fruktene er kjende som kaktusfiken. Dei har tjukt, tornefullt skal, men kan etast.

Fikenkaktus stammar frå tropisk Amerika, men er blitt planta og naturalisert mange andre stader. Han er svært vanleg i middelhavslanda. Kaktusen er også brukt som hekkplante, og dannar lett ugjennomtrengelege kratt som kan bli fleire meter høge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Fikenkaktus» (21. desember 2010). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fikenkaktus