Kaldvellfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°16′47.309″N 8°25′55.841″E Kaldvellfjorden er ein liten fjord på grensa mellom kommunane Grimstad og Lillesand, like aust for sjølve Lillesand. Fjorden har innløp vest for Auesøya og strekker seg nordover til tettstaden Helldal, før han snur nordaustover. Den inste delen av fjorden heiter berre Kilen og er om lag 1 km lang. Det særs smale innløpet til Kilen vert kryssa av Svennevig bru som er ein del av Europaveg 18 mellom Lillesand og Grimstad.

Totalt har Kaldvellfjorden ei lengd på om lag 6 km.