Grimstad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grimstad kommune
kommune
Grimstad 078.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Grimstad
Areal 304 km²
 - land 273 km²
 - vatn 31 km²
Folketal 23 544 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Beate Skretting[1] (H)
Kommunenr. 4202

Grimstad
58°21′7″ N 8°32′40″ E
NO 4202 Grimstad.svg
Wikimedia Commons: Grimstad
Nettstad: www.grimstad.kommune.no

Koordinatar: 58°18′13″N 008°30′45″E Grimstad er ein kystkommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slegne saman med Grimstad.

Namnet «Grimstad», opphavleg «Grømstad», er sett saman av gardnamnet «Grøm» (frå elvenamnet Gró(a), ‘elv som veks fort’, og heim) og «stad», frå norrønt stǫð, ‘stø, landingsplass’.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grimstad har fleire verna naturområder. To av dei er Marivold og Reddal, som kan brukast til turar. På Hasseltangen vest for Fevik ligg Hasseltangen landskapsvernområde og Søm-Ruakerkilen naturreservat.

Rundt Grimstad sentrum ligg fem heier: Binabben (med utsikt over byen), Kirkeheia, Fløyheia, Møllerheia og Vardeheia. Kommunen har også ein skjergard med mange små og store øyer og holmar. Hesnesøya er godt kjend. Grimstad byselskap har kjøpt opp mange av øyane og holmane og lagt dei ut som friområde, slik som Maløyene, Hampholmen og Teistholmen. Det ytste skjeret i skjergarden heiter Brægen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Byen har eit utandørs amfiteater i eit steinbrot i Fjæreheia. Teateret vert drive av Kilden teater og vart opna i 1993. Her er over 1000 sitjeplassar.

I 1953 vart den fyrste plastbåten i Noreg produsert og sjøsett av Herbert Waarum (plastbåten sin far). Seinare kom firmaet Herwa plast i Grimstad.

I 2002 vart mikrobryggeriet Nøgne Ø stifta, bryggeriet har motteke ei rad prisar for sitt øl.

Grimstad er òg kjend for at forfattaren Roald Dahl budde her delar av somrane han var i Noreg. Han budde då på Strand hotellFevik aust i kommunen.

Avisa i byen heiter Grimstad Adressetidende og kjem ut tre gonger i veka.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Folk tilknytte Grimstad[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ordfører Beate Skretting». www.grimstad.kommune.no. Grimstad kommune. Henta 1. november 2019. 
  2. Nilsen, Jan Erik; Thorsnæs, Geir (14. november 2018). «Grimstad». Store norske leksikon (på bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]