Kalium–argondatering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalium-argondatering er ein metode for absolutt datering. Kalium-40 er ein radioaktivt kaliumisotop som blir brote ned til gassen argon-40. Dateringen føregår ved at materialet som gassen finst i blir varma opp. Gassen slepp då fri og kan målast. Halveringstida er om lag 1,3 milliardar år, noko som gjer metoden godt eigna til å datere funn frå særs tidlege periodar. I motsetnad til C14-metoden, kan han òg nyttast til å datere uorganiske material som til dømes stein og mineral.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]