Kalklys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kalklys er ein type lampe som vart nytta for scenelys og i lysbiletapparat. Det består av ein kalksylinder av brent kalk som blir sterkt oppvarma i ein gassflamme og dermed stråler med eit intenst kvitt lys. Brent kalk kan varmast opp til 2572 °C før det smeltar. Lys som vert produsert er ein kombinasjon av kvitgløding og candoluminescens.

Kalklyseffekten vart oppdaga i 1820-åra av Goldsworthy Gurney.[1] I 1825 såg den skotske ingeniøren Thomas Drummond (1797–1840) ein demonstrasjon av denne effekten av Michael Faraday og forstod at lyset kunne vere nyttig. Drummond laga ein fungerande versjon av lampa i 1826 og lampa vert stundom kalla Drummondlys eller Drummonds kalklys etter han.

Det engelske namnet er limelight, og sjølv om ein for lenge sidan gjekk over til å nytte elektriske lys, har uttrykket overlevd i den engelskspråklege versjonen av å vere «i rampelyset», som på engelsk er «in the limelight» («i kalklyset»). Som scenelys gjekk ein over til å nytte elektriske lys seint på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Limelight - Leeds University, arkivert frå originalen 15. august 2012, henta 15. august 2012