Lampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lamper i Universitetets festsal i Domus Academica (Urbygningen) til Universitetet i OsloKarl Johans gate
Oljelampe

Lampe (frå norr. lampi med opphav i gr. lampas, 'fakkel', av lampein, 'lyse') er ei innretning med ei innvendig lyskjelde som gjev lys til omgjevnaden. Dei vanlegaste lampane i dag er elektriske lamper, men det finst òg andre typar, som til dømes oljelamper, parafinlamper og gasslamper, der ei flamme av brennande olje, parafin eller gass er lyskjelda, og lamper for levande lys (stearinlys etc).

Lamper kan vera festa i tak og på veggar eller stå på bord eller golv, eller vere til bruk ute. Lamper kan ha ulike nemningar etter korleis dei er utforma og kva dei skal nyttast til, til dømes lysekroner, lampetter, takarmatur og anna. Ei lampe som ein kan bera med seg, som er festa på ein bil eller anna køyretøy, er festa til ei mast eller hengt opp for lyse opp veg eller gate, blir som oftast kalla ei lykt (frontlykt, sykkellykt, gatelykt). Er lampa lagd for å gje sterkt lys som kan nå langt, vert ho gjerne kalla lyskastar.

Ordet lampe blir òg ofte nytta om den elektriske lyskjelda inni i lampa, lyspæra, og om dei radiorøyra som blei nytta i radioapparat og fjernsynsapparat før transistorar kom i bruk. Dessutan vert ordet nytta om reiskapen blåselampe eller loddelampe, som ikkje er ei lyskjelde, men ei varmekjelde med ei flamme som er varm nok til å smelte metall til å lodde med, og til anna konsentrert oppvarming.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.