Kalkulator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein moderne kalkulator med basis reknefunksjonar

Ein kalkulator er ein elektronisk maskin som kan utføre ei rekkje matematiske utrekningar. Han får ofte straum frå eit batteri, eller frå eit lite solcellepanel.

Ein kan få kjøpt mange slags forskjellige kalkulatorer i butikkar, alt ettersom kva ein skal nytte kalkulatoren til. Mange treng ikkje meir enn ein enkel kalkulator som har dei fire vanlegaste reknefunksjonane (addisjon, subtraksjon, multplikasjon og divisjon) for kvardagsoppgåver som butikkhandling, eller til å sjekke skattelikninga. Andre treng meir spesialiserte kalkulatorer med tilleggsfunksjonar til å løyse avanserte oppgåver, slik som trigonometri, statistikk og så bortetter.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.