Kalvedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalvedans eller råmjølkspudding er ein tradisjonell dessert som utnyttar det høge proteininnhaldet i råmjølk til å lage ein stiv pudding utan å nytte andre tilsetjingsmiddel, korkje gelatin eller egg. Ein brukar omtrent ein tredjedel råmjølk og to delar vanleg mjølk. Om det er andre eller tredje mjølking, må ein redusere mengda med vanleg mjølk. Som smakstilsetjing brukar ein mandeldropar og litt sukker. Det heile vert plassert i dampbad der ein passar temperaturen slik at mjølka ikkje kokar. Etter om lag ein times tid er puddingen stiv, og kan etast med kanel og mjølk.

Oppskrift på kalvedans[endre | endre wikiteksten]

Ingrediensar:

  • 1,5 liter råmjølk
  • 1 dl fløyte
  • 75 g sukker
  • 5 kardemommefrø
  • 0,5 ts malt kanel

Visp saman mjølk, fløyte, sukker og krydder. Varm opp langsamt til mjølka byrjar å tjukne. Hvis den tjuknar raskt, kan ein spe røra med litt fløyte. Hvis den tjuknar litt for lite, kan ein ha i eit par eggeplomer for å få ein god konsistens.

Helles i ei eldfast form og steik kalvedansen i vassbad i 120 °C i om lag ein og ein halv time. La kalvedansen avkjøla og server med rørte bær og vispa krem.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Jonas Storm
  • Marie Landmark. (1900) For landsbygden. Raad og Veiledning for Hus og Hjem.