Kamban forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kamban forlag var eit norsk forlag eigd av Hans S. Jacobsen. Det var eit av dei såkalla «NS-forlaga» saman med Blix forlag, Atlantic forlag, Viking forlag, Stenersens Forlag og Centralforlaget.

Før andre verdskrig hadde forlaget namn etter Jacobsen sitt tidsskrift, Ragnarok. Forlaget utvikla seg under okkupasjonen til eit sjølvstendig nasjonalsosialistisk forlag med personleg profil. Ikkje minst vart forlaget prega av litteratur av og for frontkjemparane, med forfattarar som Per Imerslund, Olav Arnesen, Bernhard Bolsmo og Oscar Barth. Halldis Neegaard Østbye gav òg ut bøker på Kamban, likeeins Kåre Bjørgen; dessutan utkom fleire barnebøker prega av nasjonalsosialistisk ideologi. Under rettsoppgjeret etter andre verdskrig fekk forlaget midlar inndrege og konfiskert. Seinare starta Jacobsen opp på nytt under namnet Store Bjørn Forlag der han m.a. utgav Ralph Hewins si bok om Quisling.

Forfattarar knytt til Kamban[endre | endre wikiteksten]

Bøker gitt ut på Kamban[endre | endre wikiteksten]

Pegasus på flukt, Lars Hansen (1940)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NorgesLexi
  • Ringdal, N.J./Larsen, T.H.: Kultur og kommers, Den norske Forleggerforening 1895—1995, 1995