Lars Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1869
Molde kommune
Død

20. juli 1944 (75 år)
Oslo

Yrke skribent
Språk norsk
Politisk parti Nasjonal Samling, Høgre, Venstre

Lars Georg Hansen (8. januar 186920. juli 1944) var ein norsk forfattar frå Tromsø. Han gav ut ei rekkje romanar på 1920- og 30-talet. Bøkene hans har to ulike temaområde: Ishavsfangsten som vart drive med utgangspunkt i Tromsø, og kystfiskarane sitt liv, lagt til fiktive fiskever på kyststrekninga mellom Senja og Skjervøy. Handlinga i bøkene er lagt til dei siste tiåra før hundreårsskiftet, til tida før motorbåtane gjorde sitt inntog i fisket.

Romanane fell innanfor heimstaddiktingsjangeren, dei har innverknad frå naturalistisk dikting, men forfattaren vik likevel av frå eit naturalistisk program.

Kystfiskarromanane inneheld mange gode skildringar av kystfiskarane sitt liv og livsvilkår, men dei er for prega av nasjonalromantiske førestillingar til å vere realistiske. Viktig for Hansen er sambandet attende til vikingtida, væreigaren i Kongen på Råsa ættar t.d. direkte attende til ein væreigar på 1300-talet som heitte «Okse», og han har sjølv same namn. Som mottrekk mot eit konkurrerande fiskemottak vil væreigaren ta opp att pelshandelen, og sende bod på «Lomm Kvite», som er jeger på innlandet. Men på slutten av 1800-talet finst det ingen «Lomm Kvite» i Indre Troms, dette er rein sagapastisj, i feil hundreår. Hansens ideal er sjølvbergingssamfunnet, der menneska går attende til naturen og lever av den. I andre kystfiskarromanar er det meir realistiske skildringar, vi får prisane på båt, not og fangst, og vi får vite kva vilkår folka lever under. Men samfunnet desse skildringane er frå er altså ei tapt tid, frå over ein generasjon attende.

Ishavsromanane skil seg frå kystfiskarromanane ved at dei på ein meir realistisk måte skildrar livet i Ishavet, det Tromsø som selfangarane legg ut frå, og livet til dei som sitt att i Tromsø og ventar mennene sine heim før vinteren kjem.

Tematisk har Hansen mykje til felles med Knut Hamsun, dei kan begge stå som representantar for det reaksjonære opprør, ein antikapitalistisk, attoverskodande trong til å kome attende til ei tid før pengesamfunn og kapitalisme. Sentralt i denne utopien er den gode væreigaren (eller, for ishavsromanane: den gode reiaren), han som er patriarken, men ikkje misbruker makta si, og vil folka sine vel.

På same måten som Hamsun stødde også Hansen opp om Nasjonal Samling under krigen.

Han var medlem av Den Europeisk Forfatterforening (stifta i Weimar 1942).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Odin klarte det: roman
  • 1943: Keiserlosen
  • 1942: Skarvereiret
  • 1940: Hårde tider har vi døiet
  • 1940: Pegasus på flukt
  • 1939: Beitsaren: ishavsroman
  • 1938: Storfossen
  • 1937: På vivanke
  • 1936: I sne og nordlys: noveller
  • 1934: De fem ishavsgaster: roman
  • 1933: Kongen på Råsa: roman
  • 1932: Bjørnar Bålk og hans slekt
  • 1931: Håkjerringkjeften: roman
  • 1930: Forbannelsen
  • 1929: «Hvalrossen» av Tromsø: roman
  • 1928: En havets sønn: roman
  • 1927: Jens Sørskar: roman
  • 1926: I Spitsbergens vold

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Birkeland, B./Ugelvik Larsen, S.: Nazismen i norsk litteratur,1975, Nasjonalsosialister i norsk diktning, 1943
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.