Kamelott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drakt i brun kamelott som har tilhøyd Karl X Gustav av Sverige. No ved Livrustkammaren.

Kamelott (fransk camelot, 'av kamel') er ein type tøy som er stivt og tynt. Det blei opphavleg laga av kamelhår og seinare av angora.[1]

Opphavleg likna kamelott eit orientalsk kamelhårstøy. Billegare kamelott var ofte vove av bomull. Tøyet var tidlegare vanleg i folkedrakter og i ytterplagg.

Tøyet blei innført til vesten frå Orienten på 1100-talet og var vanleg å bruke til kle allereie på 1700-talet. Europeisk tillverking skjedde i Frankrike og Nederlanda.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kamelott» i Nynorskordboka.
  2. Bra Böckers lexikon, 1976