Kamla Persad-Bissessar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamla Persad-Bissessar

Fødd22. april 1952 (72 år)
PenalTrinidad
Statsborgar avTrinidad og Tobago
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversity of the West Indies
Hugh Wooding Law School
VervStatsminister for Trinidad og Tobago 26. mai 2010-9. september 2015
FøregangarPatrick Manning
EtterfylgjarKeith Rowley
VervFormann i Det britiske samveldet 2010-2011
FøregangarPatrick Manning
EtterfylgjarJulia Gillard
Alle verv
  • Trinidad and Tobagos statsminister (2010–2015)
  • Member of the House of Representatives of Trinidad and Tobago Sjå dette på Wikidata

Kamla Persad-Bissessar (fødd 22. april 1952) er ein trinidadisk politikar. Ho var statsminister for Trinidad og Tobago frå 2010 til 2015, som den første kvinna i stillinga.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kamla Persad-Bissessa har utdanning i jus og utdanningsvitskap frå respektive University of the West Indies, Norwood Technical College og Hugh Wooding Law School. I tillegg har ho ein mastergrad innan forretningsadministrasjon frå eit universitet på Trinidad. Både i studietida og seinare har ho jobba med undervisning og drive sosialt arbeid, men etter seks år med undervisning vart ho fulltidsadvokat.

Ho har vore parlamentsmedlem for United National Congress sidan 1995 og site som både utdanningsminister og justisminister i perioden 1995-2001. 26. april 2006 vart Persad-Bissessar som første kvinne utnemnd til leiar for opposisjonen.

Etter at partiet hennar vann valet i 2010 vart ho statsminister i republikken, også dette som første kvinne. I 2010 sat ho også som formann i Det britiske samveldet. Same året vart ho partileiar i United National Congress; ei stilling ho framleis held (2016).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ttgapers.com 2010. PNM lose to Peoples Partnership in Trinidad elections 2010 Arkivert 2013-09-27 ved Wayback Machine.. ttgapers.com 24 May 2010.
  2. Skard, Torild (2014) «Kamla Persad-Bissessar» i Women of power – half a century of female presidents and prime ministers worldwide, Bristol: Policy Press ISBN 978-1-44731-578-0, pp. 271–3