Trinidad og Tobago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
Republic of Trinidad and Tobago

(norsk: Trinidad og Tobago, trinidadisk)

Det trinidadiske flagget Det trinidadiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Forged from the Love of Liberty»
Motto «Together we aspire, together we achieve» ('Saman drøymer me, saman oppnår me')
Geografisk plassering av Trinidad og Tobago
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Port of Spain
Styresett
Parlamentarisk republikk
Anthony Carmona
Keith Rowley
Flatevidd
 – Totalt
 
5 128 km² (167.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2007 est.)
 – Tettleik
 
1 218 208 (156.)
1 305 000
237,6 /km² (36.)
Sjølvstende
frå Det britiske imperiet
31. august 1962
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
44 320 mill. USD (107.)
34 900 USD (38.)
Valuta Trinidadisk dollar
Tidssone UTC-4
Telefonkode ++1-868
Toppnivådomene .tt


Trinidad og Tobago (engelsk Trinidad and Tobago), offisielt Republikken Trinidad og Tobago (engelsk Republic of Trinidad and Tobago) er ein øystat i Karibia. Landet består av øyane Trinidad og Tobago, som ligg 30 kilometer nordaust for Trinidad. Næraste naboland er Venezuela.

Hovudstaden er Port of Spain med 37 074 innbyggjarar (2011), men med 48 838 innbyggjarar er San Fernando den største av dei to byane i landet.[1] Oljehamna Pointe-à-Pierre ligg nord for San Fernando. Eit stykke sør for byen ligg Point Fortin, som har ei stor utskipingshavn for gassproduksjonen i landet. Nord i landet ligg hamna Templadora som er omlastingshamn for bauksitt og alumina frå Guyana og Surinam, der utvinninga finn stad inne i landet og større skip ikkje kan lastast fulle på grunn av djupnetilhøve i elvene Demerara og Paramas. Råvarene blir sende vidare til aluminiumsverk blant anna i USA, Canada og Europa.

Trinidad og Tobago er kjend som opphavsstaden til steel band-musikk (der ein bruker omgjorte oljefat til perkusjon), rosa flamingoar og asfaltsjøen Pitch Lake.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Staten har namn etter dei to hovudøyane sine. Begge skal ha fått namn av Kristoffer Columbus i 1498.[2]

Trinidad fekk namn etter det spanske ordet for treeininga. Dette er forklart med at Columbus anten kom på treeiningssundagen, eller at han såg tre fjelltoppar som minte han om treeininga.[3] Arawakane kalla øya Iere, som tyder 'kolibri'.[4]

Namnet Tobago blir sagt å stamma frå haitisk tambaku, 'pipe', men er òg forklart som å koma frå ordet for tobakk, tabaco.[5][6] Bakgrunnen skal då ha vore at Columbus hadde merka seg tobakksrøykinga til innbyggjarane på øya. Ein går ofte ut frå at ordet tobakk kjem frå tainoane sitt ord for tobakk, men opphavet er spansk tabaco.[7] I spansk fanst ordet før Columbus sine sjøferder til den nye verda og kan gå attende til arabisk.[8] Då spanjolane kom til det karibiske området hadde innbyggjarane der heilt ulike ord for tobakk.

Columbus meinte å ha sett to øyar då han forlét Trinidad i august 1498.[7] Han kalla dei Asumpción og Concepción. Truleg var det berre ei øy, Tobago, han hadde sett. Namnet Tobago dukka opp frå 1511 på spanske kart og i spanske dokument. Skrivemåten varierte innan og mellom dei ulike europeiske språka. På 1500- og 1600-talet danna det seg ei oppfatting om at spanjolane lærte å dyrka tobakk av urfolket på Tobago. Kanskje blei namnet Tobago hengjande ved øya fordi kan sjå ut som forma på ein sigar frå sjøen.

Kalinafolk (fastlandkaribane) kalla øya Urupaina, som tyder 'stor snigel'.[7] Midt på 1600-talet skreiv ein fransk misjonær at kalinagofolk (øykaribene) kalla henne Aloubaéra, kanskje etter ein slange i mytologien deira.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Trinidad og Tobago ligg utanfor kysten av Sør-Amerika.

Landet består av to store øyar, Trinidad og Tobago, i det søraustlege Karibia like utanfor kysten av Sør-Amerika. Øyane er rekna som dei sørlegaste av Dei små Antillane, men geologisk utgjer øyane ein del av Sør-Amerika. Pariabukta i vest skil landet frå Venezuela. Fjellrekkja nord på Trinidad og på Tobago ligg i forlenginga av Cordillera de la Costa i Venezuela.[9]

Avstanden til kysten av Venezuela er 11 km på det minste.[10] Sundet mellom Trinidad og Venezuela i nord blir kalla Dragon's Mouth eller Bocas del Dragón. I sør forbind det smale sundet Serpent's Mouth eller Boca de la Serpiente Pariabukta med Columbussundet, farvatnet mellom Trinidad og det søramerikanske fastlandet.

Guyanastraumen, overflatehavstraumen som er ei grein av Den sørlege ekvatorialstraumen, fører havvatn frå søraust mot Trinidad og Tobago. Ved Trinidad deler straumen seg. Den nordlege hovuddelen går mot Tobago og held fram derfrå vestover i Det karibiske havet. Ein sørleg del strøymer gjennom Columbussundet og Serpent's Mouth og inn i Pariabukta. I regntida får straumen tilført ferskvatn frå utløpet av Orinoco slik at saltinnhaldet i bukta går kraftig ned.[11]

Trinidad[endre | endre wikiteksten]

Trinidad er den største øya i landet med eit areal på rundt 4800 km².[10] Utanfor nordvestspissen av Trinidad ligg ei rekkje små øyar som strekkjer seg mot Pariahalvøya i Venezuela: Monos, Huevos og Chacachacare. Sørvest på Trinidad strekkjer Cedroshalvøya seg vestover med Icacos Point som sørvestlegaste punkt. Holmen Soldado Rock ligg ca. 10 km vest av halvøya.[12]

Det er tre fjell- og høgdedrag på øya, det høgaste i nord, det lågaste i sør. Northern Ranga som strekkjer seg frå aust til vest nord. Høgaste punkt er Aripo (òg kalla El Cerro del Aripo) på 940 moh.[10] Midt på Trinidad går Central Ranges diagonalt over øya i retning frå sørvest til nordaust. Høgaste punkt her er Tamana på 308 moh. I sør dannar ei rekkje låge åsar Southern Ranges.

Nariva Swamp ligg på austkysten av Trinidad

Ortoire i sør og Caroni i nord er dei lengste elvene. Caroni Swamp ligg der elva Caroni renn ut i Pariabukta sør for hovudstaden Port of Spain. Eit anna viktig våtmarksområde er Nariva Swamp. Det dekkjer eit område på 11 343 hektar på austkysten av Trinidad og er den største ferskvasssumpa i landet.[13] Northern Ranga har mange fossar. Dei mest kjende er Blue Basin Falls og Maracas Falls. Begge har eit fall på 91 meter.[10]

På aust- og vestkysten finst det mangroveskog.[9] Det er korallrev ved nordaustkysten.

Det er olje og gass i grunnen på og ved Trinidad, og desse har sett preg på naturgeografien. Pitch Lake sørvest på øya ved La Brea er ein naturleg asfaltsjø danna av olje som lek opp frå grunnen. Asfaltsjøen har ei maksimal djupne på 80 meter og dekker ei flate på 40 hektar.[14] Gass og vatn pressar seg opp til overflata og skapar muddervulkanar. Devil's Woodyard er ein kjend slik.[10]

Tobago[endre | endre wikiteksten]

Tobago ligg ca. 30 km nordaust for Trinidad. Øya har eit areal på kring 115 km².[10] Ho er dominert av Main Ridge som går frå sørvest til nordaust. Fjella har ei høgd på rundt 550 moh., med 576 moh. som høgaste punkt.[9] Fjella flatar i sørvest ut mot eit korallplatå. Sørvestkysten har mangrovar.

Utanfor kysten i sørvest ligg Buccoo-revet, fem flate korallrev som omgjev lagunen Bon Accord.[15]

Little Tobago og andre småøyar ligg ved nordaustenden av Tobago.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Øyane ligg nær fastlandet og plante- og dyrelivet ber preg av det. Guyanastraumen fører med seg plante- og dyreliv mot Trinidad, slik som kaimanar, øgler, slangar og ferskvasskjelpadder.[11] Plante- og dyrefamiliene frå Guyanaregionen og det austlege Venezuela er òg å finna på Trinidad og Tobago.[9] Det er låg grad av endemisme. To av dei 521 landlevande virveldyrartane er endemiske, medan 2,1 % av dei 6600 frøplantane er endemiske. Ingen av dei 42 ferskvassartane er endemiske.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er tropisk med små temperaturvariasjonar gjennom året. Hovudstaden Port of Spain har middeltemperatur på 25,6 °C i januar, 26,1 °C i juli og ein årsmiddelnedbør på 1630 mm.

Det er mindre nedbør frå midten av januar til mai. Minst nedbør (ca. 10 %) fell i perioden januar-mai under nordaustpassaten, og våtast er perioden frå juli til oktober då den intertropiske konvergenssona flyttar seg nordover. Øyane ligg i den sørlege utkanten av dei vanlege orkanbanane, og landet er mindre utsett for orkanar enn andre karibiske land.[9]

Kart over Trinidad og Tobago

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Landet opplevde betydeleg vekst i folketalet i andre halvdelen av 1800-talet. Frå 1871 til 1881 voks folkesetnaden med 3 % per år.[16] Etter andre verdskrigen var folkesetnaden auka til over 500 000 og i 1980 var folkesetnaden på over éin million.

Folketalsutviklinga har også vore påverka av utvandring. Mellom 1960 og 1980 utvandra omkring 175 000.[17] Utvandringa har halde fram, hovudsakleg til USA, Canada og Storbritannia.[18] Fleire kvinner enn menn utvandrar.

Ved folketeljinga i 2011 var 3,7 % av folkesetnaden innvandrarar. 55,6 % av innvandrarane kom frå andre land i Karibia, særleg Grenada, Guyana og Saint Vincent og Grenadinane.[19]

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden har blanda opphav som speglar kolonihistoria i landet med slaveri og kontraktsarbeid. Ved folketeljinga i 2011 hadde 35,4 % av folkesetnaden indisk opphav, medan 34,2 % var av afrikansk avstamning. 7,7 % var av blanda indisk-afrikansk opphav, medan 15,2 % var av anna blanda avstamming.[20]

Medan folkesetnaden på øya Trinidad speglar mangfaldet av folkegrupper i landet som heilskap, er situasjonen ein annan på naboøya Tobago, der 85,2 % av folkesetnaden er av afrikansk avstamning.[21]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Engelsk er offisielt språk.[10] Daglegspråket er eit kreolspråk basert på engelsk.[22]

Engelsk har vore offisielt språk sidan 1823, men fransk-kreolsk var i utbreidd bruk til rundt slutten av 1800-talet.[23] I nokre område på Trinidad var fransk-kreolsk einerådande til 1940-åra, og mange eldre var tospråklege til 1960-åra. Engelsk-kreolsk vann først innpass i byane. Med skulegang for breiare lag av folkesetnaden og utbreiinga av aviser, overtok engelsk i løpet av 1920-årane som språket for offisielle samanhengar.[24] Historisk har spansk og det indiske spåket bhojpuri òg vore nytta på Trinidad.[25]

På Tobago har engelsk og engelsk-kreolsk dominert, slik at det oppstod skilnader i dei engelskbaserte kreolspråka på dei to øyane.[26]

I 1975 blei trinidadengelsk offisielt anerkjend og fekk innpass i undervisinga i skulen. Etter dette er språket òg blitt nytta i radio og fjernsyn.[22]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Kristendommen er største religion, medan 18,2 % av folkesetnaden tilhøyrde hinduismen og 5 % islam ved folketeljinga i 2011.[27]

Blant dei kristne var Den katolske kyrkja det største kyrkjesamfunnet med 21,6 % av folkesetnaden.[27] Pinserørsla og evangelisk kristendom har vore i sterk vekst og meir enn dobla tilhengarskaren sin frå 2001 til 2011. I 2011 tilhøyrde 12 % av folkesetnaden slike kyrkjer. Òg sjuandedagsadventistane og baptistane har opplevd vekst. Delen av metodistar, anglikanarar og presbyterianarar/kongregasjonalistar fall frå 2001 til 2011.

Ved folketeljinga i 2011 tilhøyrde 5,7 % den synkretistiske religionen spirituell baptisme og 0,9 % tilhøyrde orisha.[27]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Høgtider og fridagar[endre | endre wikiteksten]

Offentlege fridagar[endre | endre wikiteksten]

Landet har fjorten offentlege fridagar.[28] Dersom ein rørleg høgtidsdag fell på ein sundag, er påfølgjande måndag offentleg fridag. Om to offentlege fridagar fell på same dato, blir datoen etter òg fridag.

Første nyttårsdag er den første fridagen i kalenderen. Fleire av dei faste fridagane er knytte til ulike kulturelle og religiøse tradisjonar. Fem offentlege heilagdagar er henta frå den kristne høgtidskalenderen. I påska er langfredag og andre påskedag offentlege fridagar. Kristi lekamsfest (Corpus Christi) er òg offentleg fridag. I jula er første og andre juledag offentlege fridagar. Det er éin offentleg fridag frå den muslimske høgtidskalenderen og éin frå hindukalenderen. Begge er rørlege heilagdagar: Id al-fitr, slutten på fastemånaden ramadan, og divali, lysfesten i hinduismen. 30. mars er frigjeringsdagen til den spirituelle baptismen, til minne om at forbodet mot denne synkretistiske religionen, innført i 1917, blei oppheva 30. mars 1951. Merkedagen blei gjort til offentleg fridag i 1996.[29]

30. mai er minnedag for at indarane kom til landet. Dei første kontraktarbeidarane frå India kom i 1845. Denne dagen blei gjort til offentleg fridag i 1994. 19. juni er markert som dagen til arbeidarane.[30] Datoen er vald til mine om arbeidaruroa i 1937. Denne er rekna som fødselen til arbeidarrørsla i landet.[31] Avskaffinga av slaveriet blir feira med offentleg fridag 1. august. Det var på denne datoen i 1834 at slaveriet blei avskaffa i det meste av det britiske imperiet. Frigjevingsdagen blei gjort til offentleg fridag i 1985.[32] Sjølvstendedagen til landet blir feira 31. august, medan 24. september er republikkdagen.[33] Den første av desse feirar dagen for sjølvstendet frå Storbritannia i 1962. Den andre er til minne om at Trinidad og Tobago gjekk over til å eit republikansk styresett den 1. august 1976. Dagen blir feira 24. september, som er datoen då parlamentet kom saman for første gong under den nye republikanske grunnlova.[34]

Festivalar og høgtidar[endre | endre wikiteksten]

Frå karnevalsfeiringa i 2015

I tillegg til dei offentlege fridagane blir det markert ei rekkje andre høgtidar og festivalar.

Karnevalet er særleg kjent. Frå 1783 til 1838 var karnevalfeiringa dominert av den kvite overklassa. Det blei halde festar og maskeradeball. Såkalla farga hadde forbod mot å delta i gatefestar. Den første gateparaden blei halden i 1839.[35] Avskaffelsen av slaveriet førte til at også den afrikanskættede folkesetnaden kunne delta i karnevalfeiringa. I 1957 blei det skipa ein Carnival Development Committee for å gjera karnevalet til ein organisert, nasjonal festival leia av styresmaktene.[36] Dei fleste forretninger held stengt måndag og tysdag i karnevalet, sjølv om dette ikkje er offentlege fridagar.[28] Karnevalstida er høgsesong for turistar.[37]

Ei anna viktig høgtid er hosay.[38] Dette er ei høgtid som kom til landet gjennom indiske kontraktarbeidarar. Utgangspunktet var den muslimske feiringa av muharram, men det har utvikla seg til ei høgtid der både muslimar og hinduar tek del. Den første kjende markeringa av hosay fann stad i 1847. Hosay varer i tolv dagar.[39]

Tobago Heritage Festival går over to veker i slutten av juli og fram til frigjevingsdagen 1. august.[40] Festivalen, som feirar kulturarven på øya Tobago, blei halden for første gong i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census. Demographic Report Arkivert 11. april 2018 på Wayback Machine., Central Statistical Office, 2012, tabell 1.3 s. 5.
  2. John Everett-Heath: Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2010, s. 525 og 531.
  3. Adrian Room: Placenames of the World: Origins and Meanings of the names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites. 2. utgave, McFarland & Company, 2006, s. 382.
  4. Everett-Heath 2010, s. 531.
  5. Everett-Heath 2010, s. 525.
  6. Room 2006, s. 377.
  7. 7,0 7,1 7,2 Arie Boomert: «Names for Tobago» Arkivert 6. februar 2017 på Wayback Machine., Journal de la société des américanistes, bind 87, 2001, s. 339–349.
  8. Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok. Tematisk ordnet, Oslo: Kagge Forlag, 2013, s. 313.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Christopher K. Starr: «Trinidad og Tobago», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 926–929.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 «Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica.
  11. 11,0 11,1 Boomert, Arie: The indigenous peoples of Trinidad and Tobago from the first settlers until today, Leiden: Sidestone Press, 2016, s. 3.
  12. «Soldado Rock», BirdLife International. Lest 5. februar 2017.
  13. Nariva Swamp Arkivert 6. februar 2017 på Wayback Machine., Institute of Marine Affairs.
  14. «Pitch Lake», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica.
  15. «Buccoo Coral Reef», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica.
  16. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 2.
  17. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 21–22.
  18. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 3.
  19. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 23–24.
  20. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 15.
  21. Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 16.
  22. 22,0 22,1 Susanne Mühleisen: «Trinidad English Creole», i Michaelis, Susanne Maria & Maurer, Philippe & Haspelmath, Martin & Huber, Magnus (red.): Atlas of Pidgin and Creole Language Structures Online, Leipzig: Max Planck Institute for Evolutionary Anthropology., 2013.
  23. Lise S. Winer: Trinidad and Tobago, (Varieties of English around the world), Amsterdam/Philadelphia: John Benjamins Publishing Company, 1993, s. 3 og 9.
  24. Winer 1993, s. 10.
  25. Winer 1993, s. 9–10.
  26. Winer 1993, s. 10–11.
  27. 27,0 27,1 27,2 Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report, Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 17–18.
  28. 28,0 28,1 «Official Public Holidays 2017» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., ttconnect. Lest 10. februar 2017.
  29. «Spiritual Baptist Liberation Day» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 10. februar 2017.
  30. «Indian Arrival Day» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 10. februar 2017.
  31. «Labour Day» Arkivert 11. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 10. februar 2017.
  32. «Emancipation Day» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 10. februar 2017.
  33. «Independence Day» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 10. februar 2017.
  34. «Republic Day» Arkivert 11. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 10. februar 2017.
  35. «Carnival » Arkivert 11. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 11. februar 2017.
  36. «Carnival in the twentieth century» Arkivert 11. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 11. februar 2017.
  37. «Trinidad and Tobago looks to tourism», Oxford Business Group, 29. mai 2016 . Lest 11. februar 2017.
  38. «Hosay» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 11. februar 2017.
  39. «The Hosay Festival» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 11. februar 2017.
  40. «Tobago Heritage Festival» Arkivert 12. februar 2017 på Wayback Machine., National Library and Information System Authority (NALIS). Lest 11. februar 2017.