Kapp Mary Harmsworth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 80°35′58″N 44°54′45″E

Plasseringa til Aleksandra land i Frans Josefs land. Kapp Mary Harmsworth ligg heilt vest.

Kapp Mary Harmsworth (russisk Мыс Мэри-Хармсуорт eller Mys Meri Kharmsuort) er eit nes i Aleksandra land i Russland.

Neset er det vestlegaste punktet i Frans Josefs land og ligg ikkje langt frå Viktoriaøya, som geografisk ikkje er ein del av øygruppa.

Kapp Mary Harmsworth vart kalla opp etter kona til Alfred Harmsworth. Han var eit medlem av Royal Geographical Society og hovudsponsor for Jackson-Harmsworth polarekspedisjon til Frans Josefs land i 1894.

Dette er staden den russiske sjømannen Valerian Albanov frå Svjataya Anna kom til i 1914 etter den lange og tragiske ferda over pol-isen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]