Hopp til innhald

Karboksylsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molekylformelen til ei karboksylsyre.

Karboksylsyrer er svake, organiske syrer som inneheld den funksjonelle gruppa –COOH (kalla karboksylgruppe eller karboksyl). Dette viser at eit oksygenatom og ei OH-gruppe er bunde til karbonatomet. Syrene har generell formel R–COOH, der R utgjer resten av molekylet.

Karboksylsyrer får namn etter alkanet dei er danna frå, men med endinga -syre. Dei enklaste av desse, metansyre og etansyre, er best kjende under trivialnamna maursyre og eddiksyre. Karboksylet finn ein òg i alle aminosyrer.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]