Karde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Handkarder og ullfiber.

Karde (norrønt karði, gjennom lågtysk frå mellomalderlatin cardus, 'tistel') er ein reiskap eller maskin som kan brukast til å bearbeida ein flokete fibermasse til eit tynt, rensa, samanhengjande fiberflor. Denne prosessen, der ein greier fibera parallelle og fjerner ureiningar, blir kalda karding.

Ei handkarde er typisk to treplater med handtak. Kvar plate har tettsitjande tindar på ei side, liknande ein børste. Tindane er festa i eit lag av lêr.

I ein kardemaskin passerer fibermassen gjennom eit system av roterande valser med eit tindebeslag som er stukke gjennom eot belegg av lêr eller tettvevd tekstil, til dømes av bomull.

Den helgenerklærte biskopen Blasius av Sebaste, som mellom anna er vernehelgen for ullkardarar, har karde som helgenattributt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hall, J. (2000). Hall's Iconografisch Handboek. Leiden: Primavera Pers. Oppgjeve av Nederlandsk Wikipedia.

«karde» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. «håndkarde» (22. mars 2017) i Store norske leksikon, snl.no.